«Follow You Follow Me» er ein song frå 1978 av Genesis. Musikken vart skriven av Tony Banks, Phil Collins og Mike Rutherford, med tekst av Rutherford."Genesis Look at Themselves - An Autodiscography». Trouser Press magazine, mars 1982 issue Han vart opphavleg gjeven ut på albumet …And Then There Were Three…, og så som singel. Singelen vart den første av Genesis som slo igjenn i USA med topplassering på 23. plass. Singelen nådde òg 7. plass i Storbritannia.Genesis UK chart history, The Official Charts Company. Henta 30. september 2012. Singelen bana veg for den meir radiovennlege retninga Genesis kom til å ta det neste tiåret.

Bakgrunn Den langsamare, sentimentale «Follow You Follow Me» var eit steg til side for det Genesis hadde laga av musikk til no, og skilde seg òg ut frå resten av albumet med ein enkel melodi, romantisk tekst og ein vers-refreng-struktur. Sjølv om tidlegare album òg hadde inneheldt kjærleiksballadar, som «More Fool Me» på Selling England by the Pound og «Your Own Special Way» frå Wind & Wuthering, vart «Follow You Follow Me» den første store popsuksessen til Genesis. Bandet var samde om at dei hovudsakleg hadde mannlege fans i publikum og skreiv denne songen spesifikt retta mot kvinner.Genesis: A Biography, by Dave Bowler and Bryan Dray ISBN 0-283-06175-8

Komposisjon Songen starta med ein akkordsekvens av gitarist Mike Rutherford, som òg hevdar han skreiv teksten på kring fem minutt. På den tida skreiv bandet vanlegvis songar kvar for seg, men denne songen skal ha vorte skrive i samarbeid mellom heile bandet.

Musikkvideo Musikkvideoen for songen var ei framføring av bandet, som dei mima til. Denne kom sidan ut på DVDenThe Video Show.

Medverkande Phil Collins – vokal, trommer Tony Banks – klaverinstrument Mike Rutherford – gitar, bassgitar

Andre versjonar Tidlegare Genesis-songar Ray Wilson spelar songen akustisk på soloalbumet hans Ray Wilson Live. Songen vart spelt av det amerikanske bandet Red House Painters for den første utgva av Badman's Shanti Project Collection . Eurodisco-duoen Marx & Spencer spelte inn songen i 1984. Songen er nytta i fjernsynsserien Cold Case (sesong 1 episode 12, «Glued»), og kan høyrast ei kort stund i filmen I Now Pronounce You Chuck and Larry frå 2007.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «en:» frå , den 17. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1978 Kategori:Singlar frå 1978 Kategori:Genesis-songar Kategori:Rockeballadar Kategori:Songar skrivne av Phil Collins Kategori:Songar skrivne av Tony Banks Kategori:Songar skrivne av Mike Rutherford Kategori:Atlantic Records-singlar Kategori:Virgin Records-singlar Kategori:Charisma Records-singlar