From Genesis to Revelation er debutalbumet til Genesis, utgjeve i mars 1969 på Decca Records i England og London Records i Nord-Amerika. Albumet oppstod frå ei samling av demoinnspelingar frå 1967, medan medlemmane i Genesis var elevar ved Listeerhouse i Godalming i Surrey. Det vart produsert av Jonathan King, som oppdaga dei i 1967 då medlemmane i Genesis var elevar ved Charterhouse School, der King òg hadde gått.
Produksjon Genesis bestod opphavleg av Peter Gabriel, Tony Banks, Mike Rutherford og Anthony Phillips, utan trommeslagar. Då Jonathan King merka seg ein av demoane deira, tok han dei under vengjene sine, samt at skulevenen deira Chris Stewart spelte trommer. Dei spelte inn «The Silent Sun» som den første singelen sin. Han vart sidan skildra som ein «Bee Gees-pastisj» skriven hovudsakleg for at King skulle like det. Singelen kom ut i februar 1968, men selde dårleg. Oppfølgjaren tre månader seinare, «A Winter's Tale», gjorde det heller ikkje bra. Etter å ha erstatta Chris Stewart med John Silver fekk King dei til å skrive eit heilt album, laust basert på Bibelen. Albumet vart spelt inn i august 1968 i skuleferien, og seinare vart det lagt på strykarar og blåsarar av King, noko som ergra bandet. King let songane gli over i kvarandre som på eit konseptalbum.
Utgjeving og mottaking From Genesis to Revelation vart gjeven ut fleire månader seinare i eit svart omslag med tittelen skriven i gotiske gullbokstavar øvst i venstre hjørnet. Med lite anna å gå etter, sette butikkane albumet i avdelinga for religiøs musikk. Albumet selde først 650 eksemplar. Då bandet vart verdskjend gjekk From Genesis to Revelation opp til 170. plass på albumlista i USA i 1974.
Namnet på bandet vart fjerna frå omslaget fordi Decca hadde oppdaga at eit lite kjend amerikansk band hadde det same namnet, og bad King endre namn på bandet, noko han avslo. Amerikanske «Genesis» var truleg eit band frå Los Angeles som gav ut eit album kalla In The Beginning på Mercury i 1967.[ allmusic.com], eller det kan ha vore eit enno meir obskurt R&B-band frå Massachusetts.
Ettermæle Genesis enda avtalen med både Decca og Jonathan King og ønskte å styre musikken dei laga sjølv. Sjølv om King hadde meir erfaring og prøvde å få Genesis til å selje plater, følte dei seg meir og meir avgrensa av King som prøvde å korte ned dei stadig lengre og meir vågale songane deira. Bandet vart profesjonelle hausten 1969 og etter å ha erstatta John Silver med John Mayhew på trommer, starta Genesis å formulere musikken som førte til Trespass året etter og dei var snart signert til Charisma Records. Trass i kunstnarisk usemje med King, hevdar Rutherford at Genesis er takksame for produsenten: Jonathan King, sjølv om han hadde manglar, gav oss eit fantastisk høve. Fordi på den tida, i England, kunne ein ikkje gå i studio. I dag kan ei ny grpupe lett spele inn musikk, men den gong var det berre heilt magisk å få ein slags platekontrakt. Og han gav oss sjansen til å lage ei heil plate. Du har ei gruppe musikarar som var verkeleg amatørar, og kunne så vidt spele bra, var berre så vidt ei gruppe, og me kunne nytte sommarferien vår på å spele inn ei plate.Neer, Dan (1985). Mike on Mike [interview LP], Atlantic Recording Corporation.
Sjølv om albumet opphavleg vart gjeve ut på Decca Records, har From Genesis to Revelation sidan vorte lisensiert vidare til mindre selskap, som ofte nytta forskjellige omslag eller forskjellige titlar. Det er på grunn av desse lisensane at albumet ikkje er med i plateboksen Genesis 1970–1975, som dekkjer perioden Peter Gabriel var songar i bandet.
Den 27. juli 1990 vart albumet gjeve ut som ei dobbelplate. Den andre plata inneheld fire songar som var på And the Word Was....., fire tidlegare versjonar av songar på albumet og ti intervju.
25. oktober 2010 vart albumet gjeve ut som ei spesialutgåve på iTunes. Dette omfatta bonusspora frå 1990-utgåva.
Innhald
Medverkande
Genesis Peter Gabriel – solovokal, fløyte Tony Banks – Hammondorgel, piano, korvokal Anthony Phillips – gitarar, korvokal Mike Rutherford – bassgitar, gitar, korvokal John Silver – trommer (utanom på «Silent Sun»)
Andre medverkande Chris Stewart – trommer på «Silent Sun» Arthur Greenslade – arrangement for strykarar og blåsarar, dirigent Lou Warburton – arrangement for strykarar og blåsarar, dirigent
Produksjon Jonathan King – produsent Brian Roberts – lydteknikar Tom Allom – lydteknikar Robert Stace – trykking
Utgjevingar Britiske LP-ar Decca LK 4990 (1969): Mono 1. utgåve Decca SKL 4990 (1969): Stereo 1. utgåve Decca SKL 4990 (1974): Nyutgjeving, kalla In The Beginning
Amerikanske LP-ar London XPS 643 (1974): 1. utgåve London LC50006 (1977): 2, utgåve, kalla In the Beginning London 820 496-2 (1987): CD-utgåve, kalla And the Word Was.....
Kjelder Denne artikkelen bygger på «From Genesis to Revelation» frå , den 23. september 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Debutalbum frå 1969 Kategori:Genesis-album Kategori:Decca Records-album Kategori:London Records-album Kategori:Album produserte av Jonathan King