mini|høgre|Nordfjord folkehøgskule. Nordfjord folkehøgskule er ein kristen folkehøgskule som ligg på Vereide i Gloppen kommune i Vestland fylke. Skulen tar årleg imot om lag 135 elever, og er eigd av Normisjon. Skulen kallar seg «friluftslivskulen» og gjer mykje bruk av naturområda i kommunen.

Skulen vart bygd i 1923 som Nordfjord ungdomsskule av Nordfjord indremisjon, no Normisjon region Sogn og Fjordane. I 1923 var kristelege folkehøgskular allereie oppretta i Førde og Balestrand. Skulen på Vereide vart bygd som ei åndeleg motvekt til radikalismen representert av Firda vidaregåande skule som vart bygd på Sandane året i før (1922). Bertel Kåle vart den fyrste styraren ved skulen. Han kom frå ei stilling som lærar ved Sunnfjord Folkehøgskule i Førde. Skulen har reist ein minnestein etter Kåle på skulen.

Nordfjord folkehøgskule har etablert Gloppefjord Sommarhotell for å sikre inntekter i sommarhalvåret. Hotellet tilbyr romma i hovudbygningen. Sandane Vandrarheim er også ein del av utleiesatsinga til skulen, det internatromma til skulen vert leigde ut. Skulelokala er også brukt til arrangement og lokale tilstellingar i samband med høgtider og 17. mai.

Linjefag ved skulen: Friluftsliv / Ekspedisjon Friluftsliv / Ski og surf Friluftsliv / Norske eventyr Friluftsliv / Jakt og fiske Friluftsliv / Vind og vatn Friluftsliv / UT Friluftsliv / KRIK Friluftsliv / Fjellsport Friluftsliv / Bu og fritid Friluftsliv / Vegleiing

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nordfjord folkehøgskule» frå , den 24. september 2012.

Bakgrunnsstoff Nordfjord folkehøgskule Bertel Kåle i Sogn og Fjordane fylkesleksikon

Kategori:Folkehøgskular i Vestland Kategori:Gloppen kommune Kategori:Skipingar i 1923