Kalusj (ukrainsk Калуш, polsk Kałusz) er ein by i lågberga i Karpatane i Ivano-Frankivsk oblast (provins) vest i Ukraina.

Han er ein eigen kommune i oblastet, og er i tillegg det administrative senteret i Kalusj rajon (distrikt).

Viktige lokale næringar er matindustri, produksjon av klede, kjemikaliar, handarbeid, treutskjering og betong.

Historie mini|venstre|1889, Kałusz Kalusjon vart først nemnd som ein busetnad i Halytsjyna i 1437. Byen var ein del av Det polsk-litauiske samveldet, Austerrike-Ungarn og Den andre polske republikken. Byen har framleis eit gammalt rådhus.

Under andre verdskrigen vart innbyggjarane i byen vitne til mange folkeutreinskingar. I 1940 tvinga sovjetarane mange av innbyggjarane til Sibir, mange av dei polske. I 1941-1942 vart den jødiske folkesetnaden i byen myrda av tyskarane, og då krigen var over var det knapt ein einaste jøde igjen i byen. Byen hadde fram til krigen hatt eit livleg jødisk samfunn sidan 1500-talet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kalush, Ukraine» frå , den 18. september 2012.

Bakgrunnsstoff Nettstaden til byen

Kategori:Byar i Ivano-Frankivsk oblast Kategori:Galizia Kategori:Shtetlar