A Passion Play er det sjette studioalbumet til Jethro Tull, og kom ut i juli 1973. Som føregangaren Thick as a Brick er dette eit konseptalbum med berre ein enkelt song (som var delt i to på den originale vinyl-utgåva). Temaet i konseptet er visstnok den andelege reisa til ein mann (Ronnie Pilgrim) i livet etter døden. Under turneen etter albumet vart det nytta tre videoar: ein for introen av «skodespelet», ein andre for «The Story of the Hare Who Lost His Spectacles», og eit siste, kort segment som avslutta akta. Ingen andre turnear hadde så utarbeidd sceneproduksjon som denne.

Då albumet kom ut fekk det generelt dårleg kritikk, men det selde likevel godt og nådde førsteplassen på albumlista i USA. I Storbritannia nådde det berre 13. plassen.

Produksjon Innspelinga av A Passion Play kom i gang då bandet avgjorde å flytte til Frankrike, i studioet Château d'Hérouville, der kjende 70-talsartistar som Pink Floyd, Elton John og T. Rex òg hadde spelt inn musikk. Årsaka var å unngå dei høge, britiske skattane. Den opphavlege ideen var å skape eit dobbeltalbum, det logiske steget vidare etter Thick as a Brick. Konseptet varierte frå meininga med livet («Skating Away»), kritikarar («Critique Oblique») og samanlikningar mellom mennesket og dyreverda(«Animelee» og «Law of the Bungle»). Sjølv om det vart spelt inn nok songar til å fylle tre sider av det planlagde dobbeltalbumet, førte problem i studio og ubehag hos bandmedlemmane til at Ian Anderson kasta alle songane og byrja frå byrjinga att.

Berre få av materialet vart nytta om att på A Passion Play, med unntak av «Critique Oblique», som vart tilpassa ti det nye konseptet. Somme av songane dukka sidan opp på albumet War Child, som Skating Away» og «Only Solitaire.»

Musikalsk stil A Passion Play gjekk vidare inn i progressiv rock-sjangeren der heile bandet spelte ei rekkje forskjellige instrument. Den talte historia «The Story of the Hare Who Lost His Spectacles» har visse musikalske likskapar med Prokofiev sin Peter and the Wolf. Bruce Eder skildra synginga til Anderson som bibelsk-aktige referansar blanda med moderne språk, som ein slags rockens svar på T.S. Eliot sitt The Waste Land og musikk skildra som «ein blendande miks av gammal engelsk folkemusikk og klassisk materiale, omforma til elektrisk rock.»

Konsept

Bakgrun A Passion Play låner tittelen frå ein tradisjonell type skodespel skildra som Kristi liding, eller «passion» på engelsk, sjølv om tittelen opplagt er ironisk, sidan albumet albumet først ser ut til å presentere eit generelt kristent syn på etterlivet, men avviser så dei kristne teologiske konklusjonane. A Passion Play er skildra i oplateomslaget som om det var eit skodespel i fire aktar. På dette albumet «er tekstane i seg sjølv ekstremt komplekse, soga er ofte uklår, og mykje av det er opp til kvar og ein si tolking.» Kjennskap til rollefigurane og settinga kjem lite frå musikken sjølv og meir frå dei få orda i «programmet» i omslaget. Her står Rena Sanderone (eit anagram av «Eean Anderrson») som forfattar av A Passion Play. Det er mogeleg få å eit biletet av plottet basert på tekstane, plateomslaget og «teaterprogrammet» og det er sentrert kring ein mann i gata, Ronnie Pilgrim. Namnet hans står berre i programmet.

Samandrag I akt 1 respekterer Ronnie Pilgrim, i andeleg form, at han er død, og vitjar si eiga gravferd før han kryssar ein skjærseld-liknande ørken og «islagt øydemark», der han vert vitja av ein smilande engel. I akt to vert Pilgrim ført inn i eit videorom av Peter Dejour, og han får sjå hendingar frå livet sitt føre ein dømmande jury. Etter ein lang og bisarr evalueringsprosess, konkluderer den spottande juryen med at dei ikkje kjem til å «krysse han ut», og meiner at han har levd eit sømmeleg liv og kan sleppast inn i Himmelen, som skjer samstundes med ein brå start på den lystige melodien «Forest Dance».

Her vert hovudplottet avbrote av eit komisk mellomspel, som ikkje har noko med resten av handlinga å gjere, «The Story of the Hare Who Lost His Spectacles». Denne vert fortalt av Jeffrey Hammond med overdriven Lancashire-aksent) akkompagnert av instrument. Soga vert presentert som ein absurd fabel med mange ordspel om ei gruppe menneskeliknande dyr som skal hjelpe ein hare med å finne brillene sine.Smolko, Tim (2013). Jethro Tull's Thick as a Brick and A Passion Play: Inside Two Long Songs. Indiana University Press. s. 126-127

Melodien «Forest Dance» held så fram i akt 3 og Ronnie Pilgrim verkar no å vere i Himmelen, to dagar etter dommen i videorommet. Pilgrim verkar misnøgd med Himmelen og den kvardagslege atmosfæren der, der dei fleste innbyggjarane er endelaust oppteken av dei levande. Pilgrim går derfor til G. Oddie & Son for å be om ei overflytting til Helvete, og meiner at han har «rett til å ta feil». På veg ned i Helvete vert Pilgrim møtt av Lucifer (kalla «Lucy» i programmet), som hevdar seg som «tilsynsføraren» til Pilgrim.

I akt 4 finn Pilgrim Helvete enno verre enn Himmelen og rømmer, og ser på seg sjølv som verken heilt god eller heilt vond, og ønskjer at han kunne byte ut «haloen med eit horn og hornet med ein hatt han ein gong hadde». Han talar med ein Magus Perdé om dilemmaet sitt og etter å ha testa ut og avvist begge yttergrensene i etterlivet, står han ved ei stygisk breidd som ein «reisande inn i livet». På denne stranda står òg andre menneske og dy klare til å «fornye løftet om livets lange song», og impliserer evig reinkarnasjon.

Mottaking

Albumet fekk dårleg kritikk då det kom ut. Rolling Stone var særleg hard og sa at albumet var «ein pop-potpurri av Paradise Lost og Ole Brumm, blant mange litterære kjelder, for ikkje å gløyme dei mange musikalske ideane som kjem heilt frå Purcell, flamenco og moderne jazz», og avsutta med at albumet var eit «dyrt, langtekkeleg visvas». New Musical Express meinte albumet var «fallet» til Jethro Tull. Sjølv Chris Welch i Melody Maker hadde eit dårleg inntrykk og skreiv at «Musikk må røre sjela eins. A Passion Play raslar med tomheit». Lester Bangs skreiv for Creem Magazine at han vart «fullstendig forvirra» då han hadde lytta gjennom albumet. Bangs skreiv: «Eg likte det nesten, sjølv om det å eit vis irriterte meg. Kankje eg likar det fordi det irriterer meg. Men det er mitt problem».

Trass i meldingane, selde A Passion Play godt nok til å nå toppen av albumlista i både USA og Canada.Albumet selde òg godt i Tyskland og Noreg, der det nådde femteplassen. I Storbritannia nådde det berre 13. plassen. Plateboksen A Passion Play: an Extended Performance frå 2013, nådde 48. plassen på Top Rock Albums-lista i USA.Jethro Tull - A Passion Play (1973) album awards at AllMusic.com

A Passion Play var inkludert på lista Dei 100 beste prog-albuma gjennom tidene av ProgMagazine på ein 49. plass.ProgMagazine - The 100 Greatest Prog Albums of All Time: 60-41 (Prog.TeamRock.com)

Etterverknad Manageren til Jethro Tull, Terry Ellis, annonserte i Melody Maker at bandet kom til å slutte å halde konsertar på grunn av den negative kritikken. Det var berre eit marknadsføringsstunt som bandet ikkje kjende til. Anderson meinte det fekk dei til å sjå vrange ut og gav dei feil type publisitet.

Utgjevingar Albumet kom ut på CD og seinare, i mars 1998 gav Mobile Fidelity Sound Lab ut ein CD med indekserte spor, og i 2003 ein ommastra versjon med eit videospor som bonus. Gull-CD-utgåva inneheld òg eit ekstra vers som ikkje er på originalen av «The Foot Of Our Stairs».

I høve 40-årsjubileet til albumet kom det ut ein boks i 2014 (litt forseinka) kalla A Passion Play: An Extended Performance, som inneheld heile Chateau d’Herouville-innspelinga og ein heilt ny miks av Steven Wilson. DVD-en inneheld videoklipp av introfilmen og «The Hare Who Lost His Spectacles» som vart spelt under konsertane. Platene vart pakkka i ein boks i lag med ei bok med intervju med Wilson og andre folk knytt til albumet.

Chateau D’Isaster-innspelingane Innspelingane frå Chateau d’Herouville vart kalla Chateau D’Isaster og kom først ut i 1988 på samleplata 20 Years of Jethro Tull og igjen i 1993 på samleplata Nightcap: The Unreleased Masters 1973–1991. Den sistnemnde utgåva hadde ekstra fløytesoloar av Anderson på nesten alle spora.

Innhald 1973 original release

Side to

Salslister ÅrListePlassering1973Billboard Pop Albums11973UK album charts161973Den danske albumlista4Den danske albumlista at DanskeHitLister.dk

Medverkande Jethro Tull Ian Anderson – solovokal, fløyte, akustisk gitar, saksofon Martin Barre – elektrisk gitar John Evan – korvokal, piano, orgel, synthesizer Jeffrey Hammond – bassgitar, opplesing (på «The Story of the Hare Who Lost His Spectacles») Barriemore Barlow – trommer, perkusjon, pauker, klokkespel, marimba

Andre medverkande

David Palmer – orkesterarrangemen Robin Black – lydteknikar Terry Ellis – produsent Brian Ward – fotografi

Kjelder Denne artikkelen bygger på «A Passion Play» frå , den 18. september 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Ei tolking linje for linje av teksten på The Ministry of Information. A Passion Play på Ground and Sky.

Kategori:Jethro Tull-album Kategori:Jethro Tull-songar Kategori:Britiske progressive rockealbum Kategori:Musikkalbum frå 1973 Kategori:Konseptalbum Kategori:Chrysalis Records-album Kategori:Mobile Fidelity Sound Lab-album Kategori:Reprise Records-album Kategori:album produserte av Ian Anderson Kategori:Songar frå 1973 Kategori:Songar skrivne av Ian Anderson Kategori:Progressive rockesongar Kategori:Album spelte inn i Morgan Sound Studios