Living in the Past er eit dobbelt samlealbum av Jethro Tull utgjeve i 1972. Det består av albumspor, unytta studioopptak, EPen «Life Is a Long Song», og fleire av singlane deira som ikkje var gjevne ut på album. Mange av songane hadde tidlegare berre vore gjevne ut i Storbritannia så Living in the Past var første gongen fleire av dei kom på den amerikanske marknaden. Albumet var kalla opp etter singelen som kom ut i mai 1969.Living in the Past b/w Driving Song, Rate Your Music. Albumet vart gjeven ut i ei utførleg plateomslag med eit hefte med over 50 bilete av bandet. Påfølgjande CD-utgjevingar har berre ein brøkdel av desse bileta. To songar på albumet, «By Kind Permission Of» og «Dharma for One» var konsertopptak frå Carnegie Hall.
«Love Story», «Christmas Song», «Living in the Past», «Driving Song», «Sweet Dream» og «Witches' Promise» vart opphavleg gjevne ut som singlar i monoversjonar, og vart miksa på nytt for dette albumet. Av monoversjonane er det berre «Living in the Past» som er gjeven ut på CD, på 40-årsjubileumsutgåva av Stand Up.
Skilndane i songutvalet mellom den amerikanske og britiske utgåva av albumet fører til forskjellige innhald på nyare CD-versjonar. Ein CD-versjon frå 1994 har kutta ned innhaldet for å få plass til alt på ein CD og «Bouree» og «Teacher» var ikkje med på verken den britiske eller amerikanske utgåva. Begge land har derimot med «Inside» som opphavleg berre var med på den britiske vinylutgåva. Den amerikanske vinylutgåva hadde med «Hymn 43» i staden for «Locomotive Breath» og har med «Alive and Well and Living In» i staden for «Inside».
Albumet nådde tredjeplassen på Billboard 200 og selde til gullplate ikkje lenge etter plata kom ut. Tittelsporet på albumet vart gjeven ut på singel på ny og nådde 11. plass i USA, som første gong Tull nådde Topp 40 i USA.
Sidan 2001 har mange av singlane og B-sidene kome ut som bonusspor på den nye CD-utgåvene.
Innhald Britisk vinylutgåve
Amerikansk vinylutgåve
CD-utgåver
Medverkande Ian Anderson - Fløyte, song, mandolin, gitar, balalaika, Hammondorgel og fiolin. Clive Bunker - Trommer, perkusjon og korvokal på «Dharma for One» Glenn Cornick - Bassgitar og hammondorgel på «Singing All Day». Mick Abrahams - Elektrisk gitar på «A Song for Jeffrey» og «Love Story» Martin Barre - Elektrisk gitar, akustisk gitar, perkusjon og korvokal på «Dharma for One» Jeffrey Hammond - (som Jeffrey Hammond-Hammond): Bassgitar Barriemore Barlow - Trommer John Evan - Piano, Hammondorgel, mellotron, cembalo, celeste, perkusjon og korvokal på «Dharma for One» David Palmer - strykearrangement og dirigent Lou Toby - Strykearrangement og dirigent på «Living in the Past»
Kjelder Denne artikkelen bygger på «en:» frå , den 18. september 2012.
Bakgrunnsstoff (main)
Kategori:Jethro Tull-album Kategori:Doble samlealbum Kategori:Samlealbum frå 1972 Kategori:Chrysalis Records-album Kategori:Mobile Fidelity Sound Lab-album Kategori:album produserte av Ian Anderson