Neil Ellwood Peart () var ein kanadisk musikar og forfattar. Han var trommeslagar og tekstforfattar for rockebandet Rush. Peart fekk mange prisar for spelinga si og var kjend for den tekniske dugleiken og uthaldande stilen sin.Olson, Andrew C."Neil Peart Modern Drummer Awards" – andrewolson.com – Updated 10/1/06 – Accessed 12. september 2012
Peart voks opp i Port Dalhousie i Ontario (i dag ein del av St. Catharines). Då han vart voksen dreiv han frå band til band i området med ønske om å spele trommer på fulltid. Etter ein mislukka periode i England for å konsentrere seg om musikken sin, reiste Peart heim, der han vart medlem av eit lokalt band i Toronto, Rush, sommaren 1974.
Tidleg i karrieren hans hadde stilen til Peart djupe røter i hardrock. Han var mest inspirert av trommeslagarar som Keith Moon og John Bonham, trommeslagarar som var fremst i det britiske hardrockmiljøet.Anatomy of a Drum Solo DVD, Neil Peart (2005); accompanying booklet. (Republished in Modern Drummer magazine, april 2006) Etter kvart prøvde han å etterlikne jazz- og storbandmusikarane Gene Krupa ogBuddy Rich. I 1994 vart Peart ven og elev hos jazzinstruktøren Freddie Gruber. Det var på denne tida Peart starta å endre stilen sin med å ta inn element av jazz og swing.
I tillegg til å vere musikar var Peart òg forfattar og har publisert fleire memoarar frå reisene sine. Peart var òg den fremste tekstforfattaren til Rush. I tekstane for Rush har han skrive om universelle tema og forskjellige tema som science fiction, fantasy og filosofi, samt verdslege, humanitære og liberale tema. Alle dei fem bøkene hans er reisebøker, men ein får òg innblikk i livet hans.
Prisar Peart har fått følgjande prisar hos lesarane av magasinet Modern Drummer:Awards List Rush Awards list
Hall of Fame: 1983 Best Rock Drummer*: 1980, 1981, 1982, 1983, 1984, 1985, 1986, 2006, 2008 Best Multi-Perkusjonist*: 1983, 1984, 1985, 1986 Best Percussion Instrumentalist: 1982 Most Promising New Drummer: 1980 Best All Around: 1986 1986 Honor Roll: Rock Drummer, Multi-Percussion Best Instructional Video: 2006, for Anatomy of A Drum Solo Best Drum Recording of the 1980s, 2007, for "YYZ" from Exit...Stage Left
Beste innspelte framføring: 1980: Permanent Waves 1981: Moving Pictures 1982: Exit...Stage Left 1983: Signals 1985: Grace Under Pressure 1986: Power Windows 1988: Hold Your Fire 1989: A Show of Hands 1990: Presto 1992: Roll the Bones 1993: Counterparts 1997: Test for Echo 1999: Different Stages 2002: Vapor Trails 2004: R30 2007: Snakes & Arrows
I lag med kollegaene i Rush, Lee og Lifeson, vart Peart offiser i Order of Canada i 1996."RUSH highlights" , MapleMusic – Accessed mai 23, 2007 Peart was inducted into the Canadian Songwriter Hall of Fame along with bandmates Lifeson and Lee.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Neil Peart» frå , den 12. september 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Offisiell side
Kategori:Kanadiske trommeslagarar Kategori:Kanadiske låtskrivarar Kategori:Order of Canada Kategori:Rush-medlemmar Kategori:Folk frå Toronto Kategori:Kanadiske forfattarar