2112 er det fjerde studioalbumet til det kanadiske rockebandet Rush.
Det kom ut i 1976 og inneheld musikkstykket 2112 som er delt inn i sju suitar og handlar om ei dystopisk soge i år 2112. Albumet vert stundom skildra som eit konseptalbum sjølv om songane på side to av vinylplata ikkje er knytte til stykket på side ein. Rush hadde det same arrangementet på albumet Hemispheres i 1978.
Mottaking 2112 er eit av to Rush-album som finst i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die (det andre er Moving Pictures). I 2006 kåra lyttarane på Planet Rock 2112 som det definitive Rush-albumet. I 2012 låg albumet på andreplassen på lista som lesarane til Rolling Stone laga over tidenes beste progrockalbum. Albumet ligg på lista til IGN over 10 klassiske progrockalbum..
Innhald
Medverkande Rush Geddy Lee – bassgitar, vokal, Minimoog Alex Lifeson – elektrisk og akustisk gitarar Neil Peart – trommer, perkusjon
Andre musikarar Hugh Syme – mellotron på «Tears»
Lister Billboard (USA) ÅrListePlassering1976Popalbum61
Salstrofé LandOrganisasjon|Sal'USARIAA3x Multi-Platina (3 000 000)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «2112 (album)» frå , den 12. september 2012.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Rush-album Kategori:Musikkalbum frå 1976 Kategori:Anthem Records-album Kategori:Mercury Records-album Kategori:album produserte av Terry Brown