Aleksandar Živojinović (), betre kjend som Alex Lifeson, er ein kanadisk musikar, mest kjend som gitarist i det kanadiske rockebandet Rush. Sommaren 1968 starta Lifeson bandet som skulle verte Rush i lag med ven og trommeslagar John Rutsey, og bassist/solovokalist Jeff Jones, som kort tid etter vart erstatta av noverande frontmann Geddy Lee. Han har vore eit viktig medlem av bandet sidan den gong.
For Rush spelar Lifeson elektrisk og akustisk gitar, og andre strengeinstrument som mandola, mandolin og bouzouki. Han syng òg korvokal på konsertane deira og spelar stundom tangentinstrument. Det meste av karrieren sin har Lifeson spelt for Rush, men han har òg drive med andre aktivitetar. Lifeson er deleigar i baren og restauranten The Orbit Room i Toronto og har flysertifikat.
I lag med bandkollegaene Geddy Lee og Neil Peart, vart Lifeson offiser i Order of Canada den 9. mai 1996.
Lifeson vart av musikkmagasinet Rolling Stone kåra til den 98. beste gitaristen gjennom tidene.
Prisar Best Rock Talent av Guitar for the Practicing Musicians i 1983 Beste rockegitarist av Guitar Player Magazine i 1984 og mai 2008 Nest beste rockegitarist i 1982, 1983, 1985, 1986 Guitar for the Practicing Musicians Hall of Fame, 1991 1996 – Offiser i Order of Canada, i lag med Geddy Lee og Neil Peart Most Ferociously Brilliant Gitar Album (Snakes & Arrows) – Guitar Player Magazine, mai 2008
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Alex Lifeson» frå , den 12. september 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kanadiske gitaristar Kategori:Sologitaristar Kategori:Folk frå Toronto Kategori:Rush-medlemmar Kategori:Order of Canada