Anoraknophobia er det tolvte studioalbumet til det britiske progressiv rock-bandet Marillion. Albumet vart utgjeve i mai 2001, og vart spelte inn i Marillions eige studio The Racket Club i Aylesbury.
Det vart utgjeve ein singel frå albumet, men han vart berre selt frå gruppa si nettside. Fansen fekk to singlar for prisen av ein, slik at dei kunne sende ein singel til lokale radiostasjonar. Albumet nådde ikkje inn blant Top 40 på den britiske albumlista.everyhit.com
Anoraknophobia vart førehandsselt frå nettsida til Marillion lenge før albumet var ferdig. Til saman vart 12 674 eksemplar av albumet førehandsselt. Alle som førehandsbestilte albumet fekk ein spesialversjon av albumet med ein bonus-CD med ekstramateriale. Dessutan fekk alle som førehandsbestilte innan ein viss frist, fekk namnet sitt trykt i omslaget på spesialversjonen av albumet. Berre 1CD-versjonen vart selt i vanlege butikkar.
Eit konsertalbum med blant anna alle songane frå Anoraknophobia, Anorak in the UK, vart utgjeve i 2002, både som einskild-CD og dobbelt-CD. Ei stund etter utgjevinga av Anoraknophobia heldt Marillion ein konkurranse der fansen vart invitert til å remikse songar frå albumet. Remixomatosis, eit album med vinnarbidraga i konkurransen, vart utgjeve i 2004. I 2006 gav Marillion ut ein dobbelt-CD med demo-material frå innspelinga av Anoraknophobia, kalla Unzipped.
Tittelen Albumtittelen spelar på klesplagget anorakk, som har vore mykje brukt av trainspottarar. Aktiviteten og klesplagget blir gjerne sett på av mange som ukule, slik òg Marillion og fansen deira ofte har vorte sett på av musikkritikarar. Anorakk-temaet går igjen på omslaget til albumet og relaterte produkt. Figuren på plateomslaget fekk namnet Barry.
Innhald
Medverkande Steve Hogarth – vokal Steve Rothery - gitarar Mark Kelly - tangentinstrument Pete Trewavas - bass Ian Mosley - trommer
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Anoraknophobia» frå , og «Anoraknophobia» frå den 11. september 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Marillion-album Kategori:Musikkalbum frå 2001