Happiness is the Road er det 15. studioalbumet til det britiske progressiv rock-banda Marillion. Albumet vart først utgjeve 20. oktober 2008 i to versjonar, som dobbelalbum og som to separate 1CD-utgjevingar, og dessutan som nedlastbare lydfiler.

Med unntak av USA og Polen vart Happiness is the Road på dette tidspunktet ikkje selt i vanlege platebutikker, men berre frå nettsida til Marillion.Marillion eWeb: Pre-orders begin shipping! (15. oktober 2008) Etter ynskje frå mange av tilhengjarane til gruppa har Marillion vald å likevel selje albumet i vanlege platebutikkar. 2CD-utgåva av Happiness is the Road blir utgjeve av EMI på Marillion sitt eige platemerke Intact i Storbritannia, Nederland, Tyskland, Frankrike, Italia, Spania og Skandinavia 2. februar 2009.Marillion eWeb: Changing timest (16. januar 2009)

10. september la Marillion ut albumet til gratis, lovleg nedlasting på fildelingsnettverk. Når desse filene blir avspelt, blir det opna eit interaktivt vindauge med ei melding frå gruppa og ei oppfordring til å kjøpe musikk og andre bandprodukt direkte frå gruppa si nettside. Marillion har uttalt at dei ikkje støttar ulovleg nedlasting av musikk, men at dette initiativet var eit forsøk på å få noko positivt ut av den nedlastinga som uansett skjer.Offisiell informasjon frå Marillions nettsideBBC: New Marillion album free to share (10. september 2008)

Albumet er delvis eit konseptalbum rundt tema som andelegheit og meininga med livet.sine/happiness.htm Informasjon om albumet på Marillions nettside I likskap med fleire av dei tidlegare albuma til Marillion, vart Happines is the Road førehandsselt frå gruppa si nettside.Informasjon om forhåndssalget på Marillions nettside

Under turneen i etterkant av albumutgjevinga gjorde Marillion eit forsøk med å ta opp alle konsertane, og gje ut opptaka som lydfiler allereie dagen etter kvar konsert. Til saman vart 14 av dei 16 konsertane i november 2008 utgjeve. Konserten på the Forum i London 19. november vart òg gjeve ut på dobbelt-CD i avgrensa opplag og selt til konsertpublikummet alt same kveld.Marillion: The 'Happiness on the Road' live series

Innhald All music written by Marillion, lyrics by Steve Hogarth

Volum 1: Essence

Volum 2: The Hard Shoulder

Medverkande Steve Hogarth – vokal, tangentinstrument Mark Kelly - tangentinstrument, korvokal Ian Mosley - trommer, korvokal Steve Rothery - gitarar, korvokal Pete Trewavas - bassgitar, korvokal, gitarar, klarinett på «Throw Me Out»

Andre Sam Morris – Valthorn på «Real Tears For Sale» S. Claydon – Arco Bass S. Audley – Dulcimer P. Bisset – Stemnd perkusjon Jon Hotten – Overarbeidd tamburin Emil Hogarth – Ultralydhjarteslag på «Dreamy Street» Dawn Roberts – Fingercymbal på «Essence»

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Happiness Is the Road» frå , og «Happiness is the Road» frå den 11. september 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 2008 Kategori:Marillion-album