Nils Andresson Lavik () var ein norsk politikar, redaktør, predikant og småbrukar frå Eksingedalen, i noverande Vaksdal kommune. Han var Kristeleg Folkeparti sin fyrste representant til Stortinget. Andres Lavik var far hans.
I perioden 1931 til 1933 var Lavik vararepresentant til Stortinget for Venstre. Før stortingsvalet i 1933 vart han forbigått i nominasjonen til Hordaland Venstre, og dette var ei av dei utløysande årsakene til at det nye partiet Kristeleg Folkeparti vart skipa same år. Lavik vart vald inn frå Hordaland for Kristeleg Folkeparti, og sat på Stortinget til 1953. Han var formann i Kristeleg Folkeparti frå 1938 til 1951.
Litteratur Kristian Helland, Pietist i kulturkamp: Nils Lavik og framveksten av Kristeleg Folkeparti (NLA-forlaget, 2003).
Bakgrunnsstoff
Kategori:Leiarar for Kristeleg Folkeparti Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Stortingsrepresentantar frå KrF Kategori:Stortingsrepresentantar for Hordaland Kategori:Venstrepolitikarar Kategori:Norske redaktørar Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Vaksdal Kategori:KrF-politikarar i Hordaland