Gunvor Gjessing () var ein norsk journalist, fødd i Saltdal som Gunvor Rusånes.

Ho var utdanna med mellomfag i engelsk og fransk språk ved Universitetet i Oslo. Frå 1960 var ho tilknytt avisa Aftenposten, der ho arbeidde med kulturstoff, mellom anna som filmkritikar. Ei periode var ho óg styremedlem i Norsk filmkritikerlag.

Ho gav ut ei bok som tek for seg historia til A/S Rusaanes Snekkerifabrikk, som tilhørde familien hennar. Fabrikken eksisterte frå 1887 til 1972. Føretaket låg ved Rusånes i Saltdal, ein liten stad i Nordland fylke.

Gunvor Gjessing budde saman med mannen Ketil Gjessing på Sagene i Oslo til ho døydde i 2019.

Verk 1999 Møbeleventyret. Historien om en pionerbedrift i Nordland ISBN 82-7631-030-3 2004 Fra skog og fjell til Akersgata – artikkel i Pressehistoriske skrifter nr. 3

Kjelder

Leif Gjessing: Grømsted Gjessingene og dets etterkommere i 300 år.

Bakgrunnsstoff Om huset der ekteparet Gjessing bur Om boka "Møbeleventyret"

Kategori:Norske journalistar Kategori:Folk frå Saltdal