Kristoffer Brun () er ein norsk roar som representerer Bergens Roklub.

Karriere Kristoffer Brun ror dobbeltsculler saman med Are Strandli og dei to har delteke under fleire U23-VM og World Cups. Saman representerte dei Noreg i lettvekts dobbeltsculler under sommar-OL 2012 i London. Dei kom på andreplass i sitt kvalifiseringsheat og gjekk dermed rett til semifinale.NRK.no, 29. juli 2012: Overrasket med andreplass I semifinalen gjekk det derimot dårlegare for roarane, og dei rauk ut av OL.Aftenposten.no, 2. august 2012: Skuffelsen er enorm Dei enda på ein niandeplass samanlagt.

Under sommar-OL i Rio i 2016 tok Brun bronsemedalje i finalen i dobbeltsculler saman med makker Are Strandli.

Kjelder

Kategori:Norske roarar Kategori:Vinnarar av Fearnleys olympiske ærespris Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Roarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Roarar under sommar-OL 2016 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Roarar under sommar-OL 2020 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Roarar under sommar-OL 2024 Kategori:Idrettsutøvarar frå Bergen