Adıyaman (kurdisk Semsûr, i antikken Perre eller Pordonnium, gammalgresk Περρη) er ein by søraust i Tyrkia, administrasjonssenter i provinsen Adiyaman. Han er ein av byane som veks raskast i Tyrkia. Folketalet steig frå 100 000 i 1990 til 200 000 i 2010.

Adıyaman heitte før 1926 Hısn-ı Mansur eller Hüsnü Mansur, «Mansurborga», etter kalif Al-Mansur som regjerte i Bagdad mellom 754 og 775. Det kurdiske namnet Semsûr kjem truleg av det. Namnet Adıyaman kjem anten frå Vadi i Leman, 'ven dal', eller av Yedi Yaman, 'dei tapre sju', etter ei historie om sju søner som øydela avgudsbiletet til faren sin og sidan vart drepne av faren.

Klima Adıyaman har eit halvtørt klima. Somrane er særs varme og tørre. Temperaturane når 40 ºC midt på sommaren og varmerekorden her er 45,3 ºC frå 30. juli 2000. Vintrane i Adıyaman er kjølige eller kalde og ofte med snø. Den lågaste temperaturen som er målt er -10 ºC den 23. februar 1985.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Adıyaman» frå , den 23. august 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Byar i Tyrkia Kategori:Stader i Tyrkia frå gresk antikk Kategori:Romerske stader i Tyrkia Kategori:Busetnader i provinsen Adıyaman