Mlap (tidlegare kalla kwansu) er eit nimboransk språk som blir snakka på nordkysten av den indonesiske delen av Ny-Guinea. Det har berre rundt 300 talarar, og blir rekna som eit sårbart språk av UNESCO.

Språket blir tala i området vest for Sentanisjøen, like nord for språkområdet til gresi. Det har stor ordlikskap (rundt 60 %) med kemtuik. Mlaptalarar snakkar også gjerne kemtuik eller indonesisk.

Språkdøme tre - di vatn - bu jord - mab, map eld - kip

fugl - iü fisk - benggip-we, uwe, wop

hand - kit fot - mesi finger - kit-grang, mesi-grang hovud - song-dang, yangkambu

å gå - kraung, krong å eta - dam

eg - ngam du - kom de - kom-nang me - in, io

1 - tendu 2 - namong 3 - nanggrik 4 - namong-namong 5 - bonup

Kjelder

Mlap ved multitree.org Mlap Swadesh List frå The Rosetta Project, arhcive.org Mlap ved ethnologue.com

Kategori:Nimboranspråk Kategori:Einskildspråk Kategori:Språk i Indonesia