Provinsen Antalya (tyrkisk Antalya ili) ligg ved kysten av Middelhavet sørvest i Tyrkia, mellom Taurusfjella og Antalyabukta.
Provinsen Antalya er senteret for turisindustrien i Tyrkia og meir enn 30 % av dei utanlandske turistane som vitjar Tyrkia kjem hit. Antalya var den tredje mest vitja byen i verda i 2011, føre mellom andre New York. Antalya er den største internasjoanle feriebyen i Tyrkia. I Provinsen Antalya omfattar dei antikke landområda Pamfylia i aust og Lykia i vest. Han har ei 657 km lang kystlinje med strender, hamenbyar og antikke byar, inkludert verdsarvstaden Xanthos. Provinshovudstaden er byen Antalya med kring 1 million innbyggjarar.
Antalya er den provinsen i Tyrkia som veks raskast med ein årleg folkevekst på 4,17 % frå 1990 til 2000, samanlikna med 1,83 % for landet sett under eitt. Denne vaksen kjem av rask urbanisering, delvis driven av turisme og andre servicenæringar ved kysten.
Sjå òg Den tyrkiske rivieraen
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Antalya Province» frå , den 20. august 2012.
Bakgrunnsstoff
* Kategori:Skipingar i 1921
ku:Antalya