Tektekfjella (tyrkisk Tektek Dağlari og Tektek Dagh) er ei fjellkjede aust for Şanlıurfa (Urfa, tidlegare Edessa) søraust i Tyrkia nær grensa til Syria.Facaros and Pauls, 2000, s. 500.Ross, 2001, s. 24.
Tektekfjella er kjend for dei mange vardane på kvar fjelltopp i fjella. Det ligg òg minst to stader frå antikken her: Karahan Tepe og Sumatar Harabesi.
Tektekfjella ligg langs nordsida av Urfa-Harran-sletta mellom kjeldene til Tigris og Eufrat.Newspaper Enterprise Association, 1903, s. 277. Det høgaste punktet er 801 meter over havet. Şebekefjella i vest dannar ei rekkje i lag med Tektek og Susuzfjella. Viranşehirsletta, som dekkjer eit område på , ligg mellom Tektek og Karacadağfjella.
Fjella består av kalkstein frå eosen og miosen og dalane vart danna i dei fuktige klimatilhøva i mellomistidene. Det finst ikkje noko basalt her. Tektekfjella manglar skog, utanom heilt i nordvest, der det veks pistasjetre.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tektek Mountains» frå , den 8. august 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Fjellkjeder i Tyrkia