Tadeusz Rut () var ein polsk friidrettsutøvar frå Przeworsk som tevla i sleggjekast. Han vart europameister i øvinga i 1958. Rut døydde i Warszawa.

Rut sette polsk rekord med 60,91 m under eit internasjonalt stemne på Bislett stadion i Oslo den 15. juni 1956, ein rekord han forbetra til 61,25 m på Fredrikstad stadion to dagar seinare, i begge tevlingane vart han andremannn etter verdsrekordhaldaren Mikhail Krivonosov.Arbeiderbladet 18.6.1956 Dei neste sesongane flytta Rut fleire gongar den polske rekorden i sleggjekasting. I 1958 vann han gullmedaljen i øvinga under europameisterskapen og i 1960 tok han OL-bronsen. Sin endelege personlege rekord på 67,07 meter oppnådde Rut i japanske Himeji straks etter dei olympiske sommarleikane 1964 i Tokyo, då hadde Olgierd Ciepły teke over som polsk rekordhladar i sleggjekast.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1954 i Bern: Nr 4 (57,70 m) OL 1956 i Melbourne: Nr 14 (53,43 m) EM 1958 i Stockholm: Gullmedalje (64,78 m), ein meter framom Mikhail Krivonosov OL 1960 i Roma: Bronsemedalje (65,64 m) OL 1964 i Tokyo: Nr 10 (64,52 m)

Notar

Bakgrunnsstoff World Athletics Sports Reference Fakta frå Polens olympiske komité

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tadeusz Rut» frå , den 8. august 2012.

Kategori:Polske sleggekastarar Kategori:Europameistrar i sleggekast Kategori:Europameistrar i friidrett for Polen Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Polen Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1960 Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960 Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964