Big Generator er det tolvte studioalbumet frå progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i september 1987. Bandet fortset med dette albumet dreiinga si mot meir konvensjonell rock og pop, noko som etterkvart skapte splid innover i bandet. Vokalisten Jon Anderson ynskte eit sterkare fokus på progressiv rock, og valde å forlate Yes etter Big Generator-turneen.
Albumet kom på 15. plass på Billboard 200 i USA, og på 17. plass på UK Albums Chart i Storbritannia.UK Albums Chart: Yes – Big Generator
Bakgrunn
Bandet brukte over to år på å ferdigstille albumet, noko som skulda musikalske usemjer mellom Trevor Rabin, som ynskte meir kommersiell pop lik han på albumet 90125, medan Jon Anderson ville at bandet skulle vende tilbake til musikken dei vart kjent for på 1970-talet. Resultatet vart eit både kritikarmessig og salsmessig suksessfullt album, men utan verken noko episk verk av det gamle slaget, eller nokre kjempehit som «Owner of a Lonely Heart».
I sin søken etter den gamle Yes-stilen, slutta Anderson i bandet etter den påfølgjande turneen. Litt seinare fekk han med seg dei tidlegare Yes-kollegaene Steve Howe, Bill Bruford og Rick Wakeman og starta eit nytt band. Dei fekk ikkje lov å kalle seg Yes, sjølv om det strengt teke ikkje fanst noko Yes i 1988, så dei kalla seg ganske enkelt for Anderson Bruford Wakeman Howe.
Seinare slo dei to greinene av Yes seg saman med albumet Union.
Innhald
Medverkande Jon Anderson – vokal Chris Squire – bass, vokal Trevor Rabin – gitarer, vokal, keyboard Tony Kaye – Hammondorgel, Fairlight, Emulator, Synclavier og synthesizer Alan White – trommer, perkusjon, vokal
Andre medverkande Jimmy «Z» Zavala – munnspel, messingblåseinstrument Trevor Horn – messingblåseinstrument Greg Smith – messingblåseinstrument Nick Lane – messingblåseinstrument Lee Thornburg – messingblåseinstrument Greg «Frosty» Smith – messingblåseinstrument
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Big Generator» frå , den 29. juli 2012. oppgav desse kjeldene: Allmusic.com Top Pop Albums 1955-2001, Joel Whitburn, 2002
Kategori:Yes-album Kategori:Musikkalbum frå 1987 Kategori:Atlantic Records-album Kategori:Album produserte av Trevor Horn Kategori:Album produserte av Trevor Rabin Kategori:Album spelte inn i Sunset Sound Recorders