«Alle vender augo sine til deg» er ein salme som ofte har vorte nytta som bordvers. Teksta er henta frå Salme 145, vers 15 og 16. I Salmane heiter det at det er ein lovsong av David, men tekst er truleg yngre.Nytt norsk salmeleksikon. I si vesle katekisme tilrår Luther at desse to bibelversa vert brukte til bordbøn. Melodien som vert nytta til Alle vender augo er laga av den tyske komponisten og kyrkjemusikaren Heinrich Schütz. Teksten er omsett til norsk og tilpassa melodien av Johan J. Gjendem kring 1960. Salmen har nummer 789 i Norsk Salmebok (1985) og 761 i Norsk salmebok 2013.
Kjelder Ragnar Grøn: Alle vender augo sine til deg i Nytt norsk salmeleksikon. Bind 1. Trondheim 2011 Fotnotar
Kategori:Salmar