«Machine Messiah» er ein song frå det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i 1980 på albumet Drama. Songen er skriven av Geoff Downes, Trevor Horn, Steve Howe, Chris Squire og Alan White som på det tidspunktet var besetninga i bandet. Dette er den lengste songen på albumet med sine 10 minutt og 27 sekund. Opphavleg var dette ein song som Downes og Horn skreiv i voner om at Yes ville spele han inn før dei sjølv vart medlemmar av bandet. Etter omarbeiding og handsaming av songen saman med resten av Yes, vart han spelt inn med Downes og Horn som nye medlemmar av bandet.

Struktur Songen opnar med ein gitar med ei slags dopplereffekt før han går inn i eit tungt og dystert hardrock-inspirert tema. Synthesizeren nyttar òg ei slags dopplereffekt, før vi får eit temposkifte, og melodien blir lettare og ljosare. Ein gitarsolo omtrent midtvegs i songen dreier songen tilbake til det dystre temaet, og songen blir avslutta med gitar med dopplereffekten frå opningssekvensen.

Sjølv om dette er ein av dei tyngste og mest hardrock-inspirerte av alle Yes-songane, er strukturen i den progressive rocken ivaretatt ved dei mange temposkifta og musikkstilskifta. Tekstane er noko mørkare enn det Jon Anderson skreiv før han forlét banda året før denne utgjevinga. Musikken er, trass i at Anderson er borte, umiskjenneleg Yes-musikk.

Konsertversjonar «Machine Messiah» vart spelt under alle konsertar under Drama-turneen, men på grunn av at Jon Anderson nekta å synge nokre av songane frå Drama, vart han ikkje spelt igjen før under In the Present-turneen i 2008-2009 med Benoît David som vokalist.Forgotten Yesterdays

Offisielle utgjevingar med konsertopptak av «Machine Messiah»: The Word Is Live In the Present – Live from Lyon

Medverkande På originalinnspelinga frå 1980 medverkar: Trevor Horn: vokal Steve Howe: elektrisk gitar Chris Squire: bass Geoff Downes: synthesizer Alan White: trommer

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Machine Messiah» frå , den 28. juli 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Yes-songar Kategori:Songar frå 1980 Kategori:Songar skrivne av Geoff Downes Kategori:Songar skrivne av Trevor Horn Kategori:Songar skrivne av Steve Howe Kategori:Songar skrivne av Chris Squire Kategori:Songar skrivne av Alan White