The Doobie Brothers er ei USA-amerikansk rockegruppe frå San Jose i California. Dei har vore aktive i fem tiår og hadde størst suksess i 1970-åra. Den noverande besetninga består av Tom Johnston (gitar, vokal) og Patrick Simmons (gitar, vokal), dei langvarige medlemmane Michael McDonald (klaverinstrument, vokal), John McFee (gitar, pedalsteelgitar, fiolin, korvokal), og turnémusikarane John Cowan (bass, vokal), Bill Payne (klaverinstrument), Marc Russo (saksofonar), Ed Toth (trommer) og Marc Quiñones (perkusjon).
Historia til bandet kan delast inn i tre periodar. Frå 1970 til 1975 var solovokalisten Johnston og dei spelte ein streit rock and roll med element av folk, country og R&B. Johnston slutta i gruppa i 1977 på grunn av helsa si, og vart erstatta av Michael McDonald, som med ei interesse i soul endra stilen til bandet før dei vart oppløyst i 1982. Simmons hadde då vore det einaste medlemmet som hadde spelt på alle albuma deira. I 1987 kom The Doobie Brothers saman att med Johnston attende i bandet. McDonald, som hadde vore gjestemusikar fleire gonger sidan dei kom saman att, kom attende for fulltid i 2019 for den komande 50-årsjubileumsturneen deira. Kvar inkarnasjon av gruppa har lagt vekt på vokalharmoniar. The Doobie Brothers vart innlemma i Vocal Group Hall of Fame i 2004, og vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame den 7. november 2020. Gruppa har selt meir enn 40 millionar album verda over. Dei originale medlemmane John Hartman og Dave Shogren, Tiran Porter, Michael Hossack, Keith Knudsen og Jeff «Skunk» Baxter er tidlegare medlemmar i bandet.
Karriere Originalbandet Trommeslagaren John Hartman kom til California med eit sterkt ønske om å treffe Skip Spence i Moby Grape og bli med i ei ny utgåve av Grape. Spence introduserte Hartman for songaren, gitaristen og låtskrivaren Tom Johnston og i lag danna dei det som kom til å bli kjernen i The Doobie Brothers. Johnston og Hartman kalla gruppa si «Pud» og eksperimenterte med forskjellige medlemmar (stundom òg Spence) og stilar som dei spelte i og rundt San Jose. Dei var hovudsakleg ein powertrio (i lag med bassisten Greg Murphy) men spelte ei kort stund òg med ei blåserekkje.
I 1970 slo dei seg saman med songaren, gitaristen og låtskrivaren Patrick Simmons og bassisten Dave Shogren. Simmons hadde spelt i fleire grupper i området (mellom anna Scratch, ein akustisk trio med den framtidige Doobies-bassisten Tiran Porter) i tillegg til at han hadde spelt som soloartist. Han var alt ein dugande gitarist med fingerstil som utfyllte den rytmiske R&B-klimpringa til Johnston.
Medan dei framleis spelte lokalt kring San Jose, tok gruppa namnet «Doobie Brothers». Musikaren Keith «Dyno» Rosen, som budde i lag med elle var nabo til bandet, kom opp med namnet etter at bandet ikkje kom på eit godt namn sjølv. I følgje Tom Johnsto sa Rosen «Kvifor kallar de dykk ikkje The Doobie Brothers fordi de alltid røykjer pot?» Hartman har sagt han ikkje var involvert i namnevalet og ikkje visste at «doobie» var eit anna ord for ein marihuana-joint, før Rosen sa det til han. Alle i bandet var samde om at «Doobie Brothers» var eit dumt eller idiotisk namn. Simmons sa at dei berre hadde tenkt å bruke namnet på eit par konsertar før dei kom opp med eit betre namn, men det skjedde aldri.
The Doobie Brothers vart betre musikarar og spelte over heile Nord-California i 1970. Dei fekk stadig fleire tilhengjarar, mellom anna lokale avdelingar av Hells Angels og spelte fast på ein av favoritt-utestadane til motorsykkelgjengen i The Chateau Liberté i Santa Cruz-fjella, og spelte der gjennom sommaren 1970 (sjølv om somme av desse konsertane ikkje inkluderte alle medlemmane og var nokså spontane). Ei demoinnspeling, som synte dei to fuzz-baserte elektriske gitarane, tre delte harmonisongen og trommespelinga til Hartman, fanga merksemda til Ted Templeman i Warner Bros. Records, og innan året var omme hadde dei skaffa seg kontrakt med selskapet.
Imaget deira reflekterte imaget til delar av fansen deira - skinnjakker og motorsyklar. Det sjølvoppkalla debutalbumet kom ut i april 1971 og skilde seg kraftig frå dette imaget og musikken dei spelte på scenen på denne tida. Det vart produsert i Pacific Recorders i San Mateo og selde ikkje godt nok til å gå inn på albumlista. Det la vekt på akustiske gitarar og hadde eit element av country. Opningssporet «Nobody» kom ut som den første singelen deira, og er blitt spelt på konsertane deira i årevis sidan den gongen. I nyare tid vart songen spelt inn på ny og gjeven ut på ny på World Gone Crazy i 2010.
Seint på våren og sommaren 1971 sende plateselskapet The Doobie Brothers ut på den første nasjonale turneen deira, i lag med gruppa Mother Earth,«The Mother Brothers Tour». I 1971 leika òg bandet me då ta inn ein trommeslagar til, som kunne utfylle Hartman på somme av konsertane deira, og tok inn Michael Hossack.
Dei flytta inn i det nye studioet til Warner Brothers, Amigo Studios i Nord-Hollywood seint i oktober 1971 og spelte inn fleire songar for det neste albumet sitt der med Shogren på bass, gitar og korvokal, men Shogren slutta etter ein krangel med produsenten deira, Ted Templeman. Shogren vart erstatta i desember 1971 med songaren, låtskrivaren og bassisten Tiran Porter, medan Hossack samstundes vart fast medlem i gruppa. Porter og Hossack kom begge frå musikkmiljøet i Nord-California og Porter hadde spelt i Scratch i lag med Simmons. Porter tok med seg ein meir funky bass-stil, og hadde ein rusten baryton som passa inn i harmonivokalen deira i lag med røystene til Johnston og Simmons.
Det andre albumet deira, Toulouse Street (med hittane «Listen to the Music» og «Jesus Is Just Alright»), vart gjennombrotet deira då det kom ut i juli 1972. I samarbeid med manageren Bruce Cohn, produsenten Ted Templeman og lydteknikaren Donn Landee, gav bandet ut eit meir polert og eklektisk album. Pianisten Bill Payne frå Little Feat spelte klaverinstrument med bandet for første gongen og starta eit samarbeid som kom til å vare mange tiår. Han var òg ei kort stund, to veker, på turné i lag med bandet tidleg i 1974.Jackson, Blair. «Little Feat Article - Feb 2001» – MixOnline.com.
Gruppa fekk så ei rekkje hittar, som Johnston sin «Long Train Runnin'» og «China Grove» frå albumet The Captain and Me i 1973. Andre songar på dette albumet var Simmon sin country-aktige ode «South City Midnight Lady» og den eksplosive og hardrockande «Without You», der heile bandet står oppført som låtskrivarar. På scenen varte sistnemnde gjerne 15 minuttar med ekstra tekst. I 1973 spelte gruppa i den første episoden av musikkshowet Don Kirshner's Rock Concert der dei mellom anna spelte ein slik lang versjon av denne songen.
Under innspelinga av det neste albumet, What Were Once Vices Are Now Habits frå 1974, og øvingar for haustturneen deira i 1973, slutta brått Hossack i bandet, og meinte han var utbrend etter den stadige turneringa. Trommeslagaren, låtskrivaren og vokalisten Keith Knudsen (som tidlegare spelte for Lee Michaels) vart raskt henta inn i september 1973 og drog ut på turné med The Doobies nokre veker seinare. Hosscak erstatta sidan Knudsen i bandet Bonaroo, som var oppvarmingsartistar for The Doobies kort tid etter. Både trommene til Hossack og røysta til Knudsen er å høyre på Vices.
mini|Doobie Bros på det nederlandske TV-showet TopPop (januar 1974). I 1974 fekk ein av gitaristane i Steely Dan, Jeff «Skunk» Baxter, vite at bandet hans ikkje skulle spele turnear lenger og at Donald Fagen og Walter Becker hadde planar om å nesten berre bruke studiomusikarar i framtida. Han trengde fast jobb og vart med i The Doobie Brothers som ein tredje sologitarist i midten av den pågåande turneen deira. Han hadde tidlegare spelt med bandet i studio, og spelte pedalsteelgitar på både Captain («South City Midnight Lady») og Vices («Black Water», «Tell Me What You Want») og spelte alt med bandet som gjesteartist på denne turneen.
Vices inneheld den første førsteplassen til bandet, Simmons sin «Black Water». Denne toppa singellista i mars 1975 og var med å gjere albumet til eit album som selde til fleire platinaplater. Den lyriske Johnston-songen «Another Park, Another Sunday» og den blåsar-drivne funk-songen «Eyes of Silver» gjekk òg inn på singellista, på høvesvis 32. og 52. plassen.
I denne perioden og for fleire påfølgjande turnear, hadde The Doobies ofte med seg Stax Records-musikarane The Memphis Horns på scenen. Konsertopptak med blåsarar vart sendt på radio på King Biscuit Flower Hour, men ingen av desse opptaka er gjevne ut offisielt. The Memphis Horns var òg studiomusikarar på fleire album av The Doobie Brothers.
Mot slutten av 1974 byrja Johnston å slite med helsa på grunn av dei stadige turneane. Han var ikkje med då bandet spelte i lag med The Beach Boys, Chicago og Olivia Newton-John på Dick Clark's New Year's Rockin' Eve i desember det året. På den tida var Stampede, med western-tema, ferdig innspelt og klart for utgjeving i 1975. Det inneheld nok ein hitsingel i Johnston sin versjon av Holland–Dozier–Holland-songen «Take Me in Your Arms» (opphavleg sungen av Kim Weston og tidlegare spelt av The Isley Brothers, Blood Sweat and Tears og Mother Earth). Simmons bidrog med den atmosfæriske «I Cheat the Hangman», og «Neal's Fandango», ein ode til Santa Cruz, Jack Kerouac og Neal Cassady. Ry Cooder spelte slidegitar på cowboysongen til Johnston, «Rainy Day Crossroad Blues».
I starten av turneen deira våren 1975 var helsa til Johnston så dårleg at han måtte hasteinnleggast på sjukehus for blødande magesår. Medan Johnston kom seg på beina att fortsette turneen. Baxter føreslå å hente inn eit anna Steely Dan-medlem for å fylle holet: songaren, låtskrivaren og klaverspelaren Michael McDonald. Simmons, Knudsen, Porter og McDonald delte partane til Johnston mellom seg på scenen, medan Simmons og Baxter spelte sologitar.Menn, Don. «GP Flashback : The Doobie Brothers, June 1976» – Guitar Player Magazine.Blackett, Matt. «The Doobie Brothers» – Guitar Player Magazine.
Michael McDonald-åra The Doobie Brothers hadde kontrakt om å levere eit album til i 1976. Den viktigaste låtskrivaren og vokalisten deira var framleis sjuk og utilgjengeleg, så dei vende seg til McDonald og Porter for å få nok songar, i tillegg til dei Simmons skreiv. Albumet Takin' It to the Streets var ei radikal endring av stilen deira. Den elektrisk gitar-baserte rocken deira vart erstatta av ein meir softrock- og blue-eyed soul-prega stil med vekt på klaverinstrument og blåsarar, og rolegare og meir synkoperte rytmar. Baxter bidrog med jazz-aktig gitarstil som minna om Steely Dan, i lag med uvanleg, kompleks harmoni og lengre og meir utvikla melodiar. I tillegg var røysta til McDonald dominerande i stilen. Takin' It to the Streets kom ut med tittelsporet og «It Keeps You Runnin'» av McDonald som begge vart hittar. Ein annan versjon av «It Keeps You Runnin'», framført av Carly Simon, kom ut på albumet hennar Another Passenger, med akkompagnement av The Doobie Brothers. Bassisten Porter skreiv og song «For Someone Special» som ein hyllest til den fråverande Johnston. Eit samlealbum, Best of the Doobies, kom ut mot slutten av året. I 1996 fekk dette albumet diamantplate i USA for meir enn 10 millionar selde eksemplar.