Alagoas er ein delstat i regionen Nordeste i Brasil. Han ligg nordaust i landet og har eit tropisk klima.

Alagoas grensar mot delstatane Pernambuco, Sergipe og Bahia. Elva São Francisco dannar den sørlege grensa mot Sergipe. Delstaten har fått namnet sitt frå alle lagunane som finst rundt delstadshovudstaden Maceió. Andre byar i Alagoas er Penedo, Arapiraca, Palmeira dos Índios, Marechal Deodoro, Maragogi og Piranhas.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Alagoas» frå , den 23. juli 2012.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Delstatar i Brasil