Ragnvald Soma () er ein norsk fotballspelar. Soma er midtstoppar eller defensiv midtbanespelar for Viking FK. Han har spela i mange år for Bryne FK, frå 1996 til 2000 og frå 2002 til 2003. Til Bryne FK kom han frå Frøyland IL. Han har òg hatt eit relativt mislukka utanlandsopphald som proffspelar i den engelske klubben West Ham United.

Etter å ha vore rekna som eit stort talent i mange år, fekk Soma eit gjennombrot for Sportsklubben Brann i 2004. Han vart då av fleire aviser kåra som den beste spelaren i Tippeligaen det året. I tillegg debuterte han på A-landslaget. Han vart òg cupmeister. I mars 2006 vart det klart at han gjekk over frå å spela for Brann, til å spela for Viking.

Karriere som spelar

(oppdatert 6. august 2007) KlubbKamperMålPeriode Bryne210131996-2004 West Ham702000-2001 Brann7712004-2005 Viking6132006-

Bakgrunnsstoff Sportsklubben Brann om Soma

Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Folk frå Time Kategori:Brann-spelarar Kategori:Viking-spelarar Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball