Pennsylvania er ein delstat nordaust i USA. Hovudstaden er Harrisburg og den største byen er Philadelphia. Delstaten grensar til New Jersey i aust, delstaten New York i nord, Ohio i vest og Delaware, Maryland og Vest-Virginia i sør.

mini|venstre|Independence Hall i Philadelphia

Historie Dagens Pennsylvania var opphavleg folkesett av lenapefolk, susquehannock, irokesarar, eriez, shawnee og andre urfolk. Begge breiddene av Delaware-elva blei gjort krav på som koloniland både av nederlandarar og englskmenn. Også Sverige gjorde krav på delar av området som Nya Sverige. I 1664 skjenkte kong Karl II av England store område til James, hertugen av York (seinare Jakob II). I løpet av året tok britane kontroll over Nye Nederland, sjølv om dei nederlandske innbyggjarane fortsette å ha stor innverknad på området.

28. februar 1681 gav Karl II eit charter på landet til kvekaren William Penn for å betals tilbake eit lån til far hans, admiral William Penn.Charter for the Province of Pennsylvania-1681. Penn kjøpte også landområdet vest for Delaware-elva av hertugen av York. Kongen kalla området «Pennsylvania» ('Penn-skoglandet') til ære for Penn. William Penn, som først hadde kalla området New Wales og deretter Sylvania, ønskte ikkje oppkallinga, men kongen insisterte. Penn skipa eit styre med to nyskapingar som blei viktige for den nye verda: Lokalstyre (county commission) og religiøs fridom.

Frå 1754 til 1763 blei området råka av Den franske og indianske krigen og det påfølgjande Pontiacopprøret (Pontiac's War).https://archive.org/details/accountofremarka00smit 12. desember 1787 blei Pennsylvania den andre delstaten til å ratifisera den amerikanske grunnloven, fem dagar etter den første delstaten, Delaware.

Kjende personar frå Pennsylvania

John Barrymore, skodespelar Joe Biden, visepresident frå 2009 James Buchanan, president av USA Rachel Carson, biolog Bill Cosby, skodespelar Charlie Crist, guvernør i Florida Jimmy Dorsey, orkesterleiar Tommy Dorsey, orkesterleiar Stephen Foster, komponist Robert Fulton, oppfinnar Alexander Haig, general og politikar Michael Keaton, skodespelar Gene Kelly, dansar og skodespelar Grace Kelly, skodespelar og fyrstinne av Monaco Mario Lanza, songar og skodespelar George C. Marshall, general, politikar og nobelprisvinnar P!nk, songar og låtskrivar Robert Peary, polarforskar Trent Reznor, musikar Wallis Simpson, hertuginne av Windsor Will Smith, skodespelar Sharon Stone, skodespelar Taylor Swift, songar John Updike, forfattar Andy Warhol, kunstnar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Pennsylvania» frå , og «Pennsylvania» frå den 25. april 2015.

Kategori:Delstatar i USA