Motala ström er eit vassdrag i Östergötland som renn frå Vättern til Austersjøen.
Vassdraget startar i Motala, som har gjeve vassdraget namnet sitt. Deretter renn det via Borensberg og Ljungsbro ut i innsjøen Roxen. Det held fram via Norsholm og Skärblacka vidare til innsjøen Glan, deretter gjennom Norrköping, før det munnar ut i Austersjøen i Bråviken ved Loddby.
I Norrköping har elva vore viktig, då ein sidan mellomalderen har nytta seg av fossane her for møller og industri av forskjellig karakter. Dette vassdraget har vore viktig for fleire samfunn. Til dømes ligg Charlottenborg, Kungs Norrby, Ljungs slott, Norsholms herrgard, Ringstaholm, Himmelstalunds herrgard og Johannisborg ved breidda. Det er interessant å merke seg at helleristingar i Norrköping, derav dei fleste finst ved Motala ström, har motiv som viser korleis hestar dreg båtar over eller forbi fossane i elva.
Kraftstasjonar I Motala ström finst sju vasskraftverk som har Tekniska verken som eigar.
Namn Fallhøgd (m) Effekt (kW)Motala15,312 000Borensberg6,8 5 500Malfors28,321 000Nykvarn4,0-Älvås 2,31 500Skärblacka 9,0 10 500Fiskeby 2,53 500
Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Motala ström» frå , den 19. juni 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Elvar i Sverige Kategori:Norrköping Kategori:Östergötlands län