Pite älv eller Piteälven (pitesamisk Bidumiedno, lulesamisk Bihtámädno) er ei elv i Norrbottens län i Sverige. Ho er 410 km lang, med eit nedslagsfelt på 11 285 km² og ei middelvassføring ved utløpet på 160 m³/s.
mini|venstre|Pite älv ved Benbryteforsen. mini|venstre|Kombibru bil/tog på Inlandsbanan.
Elva har utspring frå innsjøen Pieskehaure ved grensa mot Noreg, like aust for Sulitjelma. Ho renn derfrå i søraustleg retning og passerer gjennom fleire store innsjøer, som Tjeggelvas og Vuolvojaure. Ho munnar ut i Bottenviken ved Pitsund, 10 kilometer sør for Piteå. Dei største sideelvane er Abmoälven, Varjisån, Vistån og Lillpiteälven.
Pite älv er ei av nasjonalelvane i Sverige, og er saman med Vindelälven, Torne älv og Kalixälven ei av dei fire store elvane i Norrland som ikkje er utbygd til kraftproduksjon. Den største fossen er Storforsen ved Vidsel, som òg er det største turistmålet i Norrbotten med ca. 180 000 vitjande per år. Andre kjende fossar er Trollforsarna, Benbryteforsen, Åkerselforsen, Trångforsen og Fällforsen. Ved Hundforsen kryssar Inlandsbanan elva på ein av dei få gjenverande kombibruene i Sverige som vert trafikkert av både bil og tog i same løp.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Elvar i Sverige Kategori:Norrbottens län