Eckersbergmedaljen (dansk: Eckersberg Medaillen) er ei dansk utmerking som kvart år blir delt ut av Det Kongelige Akademi for de Skønne Kunster. Medaljen blir tildelt kunstnarar som har ytt ein innsats av høg kunstnarisk kvalitet innanfor den frie eller den bundne kunsten.
Eckersbergmedaljen er i bronse og vart innstifta i 1883 etter at Akademiet på hundreårsdagen for fødedagen til kunstmålaren og professoren C.W. Eckersberg (2. januar 1783) hadde vedteke å slå ein medalje til minne om han. Medaljen vart utført av medaljør Harald Conradsen i 1888.
Første utdelinga fann stad i 1889. Det blir delt ut ei varierande mengd medaljar kvart år i april månad i samband med årsfesten til akademiet.
Inntil 1922 kalla ein medaljen for Aarsmedaillen og inntil 1923 kunne han òg tildelast i sølv.
Medaljen kan no berre mottakast éin gong. Inntil 1922 kunne ein motta han opp til to gonger.
Mottakarar - utval 1892 Joakim Skovgaard - kunstmålar 1892 og 1896 - Ludvig Brandstrup - skulptør 1926 Kay Fisker - arkitekt 1936 Arne Jacobsen - arkitekt
Kjelder
Akademiraadet - Medaljer Mottakarar av medaljen
Kategori:Dansk kunst Kategori:Danske kulturprisar Kategori:1883 i Danmark Kategori:Prisar og utmerkingar skipa i 1883 Kategori:Det Kongelige Akademi for de Skønne Kunster