Kay Otto Fisker () var ein dansk arkitekt og professor ved Kunstakademiet i København. Han var eksponent for ein nasjonalt forma utgåve av den internasjonale funksjonalismen.

Hovudverket hans er Aarhus Universitet, som er tatt opp i Danmarks kulturkanon.Om Aarhus Universitet hos Kulturkanonen

Fisker gjekk på på Kunstakademiet i København frå han var 17 år gamal i 1909 til 1920, da han tok eksamen som arkitekt.

I studietida var han tilsett på Anton Rosens arkitektkontor frå 1912, hos Sigurd Lewerentz og Gunnar Asplund i Stockholm i 1916 og hos Hack Kampmann i København frå 1918.

Saman med studiekameraten Aage Rafn vann han i 1916 fystepremie i ein konkurranse om stasjonar på Gudhjemsbanen på Bornholm.Aage Rafn på Kunstindeks Danmark / Weilbachs Kunstnerleksikon Desse vert reist i ein pittoresk nyklassisisme og ein del av dei vert freda i 1984.

Etter eksamen vert karrieren som praktiserande arkitekt dominert av ei rekkje prosjekt med husvære. Desse fekk stor påverknad i samtida og mellom anna Vestersøhus frå 1935-1939 ved Fisker og C.F. Møller blei ein modell.

Hovudverket Aarhus Universitet vert frå starten av planlagd etter 1. premieprosjektet i konkurransen om bygginga av universitetet i 1931. Det er utført av Fisker, C.F. Møller og Povl Stegmann saman med hagearkitekten C.Th. Sørensen. Dei fyrste bygningane stod ferdige i 1933 og er teikna av desse. Seinare bygningar er reist i same stil, med C.F. Møller som arkitekt.

Prisar og utmerkingar Fisker mottok Eckersbergmedaljen i 1926 og C.F. Hansenmedaljen i 1947 for Aarhus Universitets bygningar. Han var innehavar av Dannebrogordenen og Dannebrogordenens hederstegn, den franske Æreslegionen og den svenske Nordstjerneordenen.

Kjelder

Kategori:Danske arkitektar Kategori:Dannebrogordenen Kategori:Æreslegionen Kategori:Nordstjerneordenen Kategori:Eckersbergmedaljen Kategori:C.F. Hansenmedaljen Kategori:Personar med verk i den danske kulturkanonen Kategori:Folk frå Frederiksberg