Jan Askelund () er ein norsk forfattar, omsetjar og litteraturkritikar.
Askelund er utdanna cand.philol. med hovudfag i nordisk frå Universitetet i Oslo og har i tillegg studert dansk språk og litteratur ved Universitetet i Århus og gått pedagogisk seminar. Han har arbeidd som lektor ved Bryne vidaregåande skule og St. Olav videregående skole i Stavanger.
Han debuterte som forfattar i 1969 med diktsamlinga Haremunn 1940, og har sidan skrive fire diktsamlingar, tre romanar, ei sakprosabok og ei barnebok. I tillegg har han skrive artiklar for tidsskrift og årbøker og vore bokmeldar i Stavanger Aftenblad.
Bøker 1969 – Haremunn 1940 – diktsamling 1972 – Diktlesing for alle – sakprosa 1981 – Ruth Anne og dei – barnebok 1984 – Klovnens sjeldne yrke – diktsamling 1985 – Som alle veit – diktsamling 1986 – Løva brøler i bushen – roman 1987 – Silda kjem mannsterk igjen – roman 1992 – Kameleonen er mitt dyr – diktsamling 1993 – På intensiven – roman 2003 – Gravferd – diktsamling 2013 –Fortsatt i virksomhet: Festskrift til Regi Th. Enerstvedts 75-årsdag, bidragsytar
Referansar
Bakgrunnsstoff
Presentasjon av Jan Askelund på nettstaden til Haugesund Folkebibliotek Presentasjon av Jan Askelund på nettstaden til Bergen Offentlige Bibliotek
Utgjevingar av Jan Askelund i Biblioteksøk
Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Norske lektorar Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 1969 Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Folk frå Haugesund Kategori:Forfattarar frå Rogaland