Thomas Gustafsson, kjend som Thomas G:son, () er ein svensk komponist og musikar.

Eurovision

G:son er mest kjend for dei 65 songane han har skrive til dei nasjonale uttakingane til ni ulike land i Eurovision Song Contest: 37 for Sverige, elleve for Spania, seks for Noreg, fire for Finland, fire for Danmark, to for Polen, og éin kvar for Latvia, Romania, Belgia og Malta. Bidraget i den rumenske uttakinga vart diskvalifisert. Sju av bidraga vann ei nasjonal uttaking og fekk vere med vidare i Eurovision Song Contest. Han har òg skrive det svenske bidraget i Junior Eurovision Song Contest 2010 og det georgiske bidraget i Eurovision Song Contest 2013.

Melodifestival 2001 Saman med Henrik Sethsson skreiv G:son songen «Lyssna till ditt hjärta» som deltok i Melodifestival 2001, den svenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2001. Songen vart framført av Friends, som vann finalen med 237 poeng; 105 frå juryen og 132 frå sjåarane. G:son fekk dimed representere Sverige.

Eurovision Song Contest 2001 Sverige deltok i Eurovision Song Contest 2001 i København i Danmark og enda på femteplass med 100 poeng; ti frå Danmark, åtte frå Israel, Irland, Tyrkia, Storbritannia og Malta, sju frå Island og Estland, seks frå Latvia, fem frå Portugal, Spania og Polen, fire frå Kroatia, tre frå Bosnia-Hercegovina og to frå Noreg, Russland, Litauen og Frankrike. Songen hadde no fått engelsk tekst og tittelen «Listen To Your Heartbeat». På grunn av den høge plasseringa vart Sverige sikra ein plass i tevlinga året etter.

Melodifestivalen 2006 Etter å ha vunne Melodifestivalen 2006 som låtskrivar fekk G:son representere Sverige i Eurovision Song Contest 2006 i Aten i Hellas. Songen «Invincible» vart framført på engelsk av Carola. G:son skreiv songen saman med Carola Häggkvist, Bobby Ljunggren og Henrik Wikström.

Eurovision Song Contest 2006 I Eurovision Song Contest 2006 i Aten deltok Sverige i semifinalen og enda på fjerdeplass med 214 poeng; tolv frå Portugal, Danmark og Malta, ti frå Finland, Island og Noreg, åtte frå Andorra, Irland og Monaco, sju frå Slovenia, Polen, Estland, Spania og Moldova, seks frå Armenia, Bosnia-Hercegovina, Romania, Storbritannia og Israel, fem frå Kviterussland, Albania, Belgia, Litauen og Latvia, fire frå Bulgaria, Ukraina, Nederland, Kroatia, Serbia og Montenegro, Sveits og Tyskland, tre frå Russland, to frå Kypros og eitt frå Makedonia. Landet kvalifiserte seg til finalen der dei enda på femteplass med 170 poeng; ti frå Noreg, Danmark og Albania, åtte frå Andorra og Portugal, sju frå Latvia, Finland, Irland, Slovenia, Estland, Polen og Island, seks frå Spania, Malta, Ukraina og Armenia, fem frå Israel, Romania, Litauen, Belgia, Kviterussland og Monaco, fire frå Storbritannia, tre frå Bosnia-Hercegovina, Frankrike og Kroatia, to frå Sveits, Moldova og Russland og eitt frå Makedonia og Serbia og Montenegro. Sverige sat rekord i å få flest poeng utan nokre tolvarar.

Selecția Națională 2007 G:son hadde skrive songen «Lovestruck» til Selecția Națională 2007, den rumenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2007 i Helsingfros i Finland. Songen skulle delta i den andre semifinalen, og verte framføry på engelsk av Indiggo. Bidraget vart diskvalifisert av di duoen ikkje møtte opp til prøvane og ikkje hadde sendt ein instrumentalversjon av bidraget til Societatea Românǎ de Televiziune. Duoen møtte heller ikkje opp til filminga av promovideoen til bidraget av di dei hadde nokre konsertar i USA. Songen vart òg skulda for å vere plagiat, men det vart funnen ut at dette ikkje var sant.

Melodi Grand Prix 2007 G:son skreiv songen «Ven a bailar conmigo» til Melodi Grand Prix 2007, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2007 i Helsingfros i Finland. Songen vart framført på engelsk og spansk av Guri Schanke. Bidraget deltok fyrst i den andre semifinalen og gjekk direkte vidare til finalen. I finalen var bidraget eitt av fire som gjekk vidare til gullfinalen. Bidraget vann til slutt med 108 541 røystar, og fekk representere Noreg med «Ven a bailar conmigo». G.Son skreiv òg songen «Rocket Ride», saman med Knut-Øyvind Hagen og Andreas Rickstrand. Songen deltok i den tredje semifinalen, der han vart framført på engelsk av Jannicke Abrahamsen. Bidraget gjekk vidare til sistesjansen, og var eitt av to bidrag som gjekk vidare til finalen. I finalen var bidraget eitt av fire som gjekk vidare til superfinalen, og G:son hadde 50 prosent sjanse for å vinne tevlinga. «Rocket Ride» enda på andreplass med 78 443 røystane, men fekk ikkje representere Noreg.

Misión Eurovisión 2007 G:son skreiv to songar til Misión Eurovisión 2007, den spanske uttakinga til Eurovision Song Contest 2007 i Helsingfros i Finland. Den fyrste, «I am as I am», vart framført på engelsk av Arkaitz, men gjekk ikkje vidare til finalen og fekk heller ikkje representere Spania. Den andre, «I Love You», som G:son skreiv saman med Andreas Rickstrand, Tony Sanchez-Ohlsson og Rebeca Pous del Toro, vart framført på engelsk og spansk av D'NASH. Bidraget gjekk vidare til finalen, vann og fekk representere Spania. I Eurovision Song Contest fekk songen tittelen «I Love You mi vida» og det vart lagd til fleire engelske ord i teksten.

Eurovision Song Contest 2007 mini|Guri Schanke under semifinalen i Eurovision Song Contest 2007. mini|D'NASH under finalen i Eurovision Song Contest 2007. Etter å ha vunne Melodi Grand Prix 2007 og Misión Eurovisión 2007 som låtskrivar hadde G:son to bidrag med i Eurovision Song Contest 2007 i Helsingfors i Finland, høvesvis «Ven a bailar conmigo», framført på engelsk og spansk av Guri Schanke, og «I Love You mi vida», framført på spansk og engelsk av D'NASH. «Ven a bailar conmigo» skreiv han åleine og «I Love You Mi Vida» skreiv han saman med Andreas Rickstrand, Tony Sanchez-Ohlsson og Rebeca Pous del Toro. Sidan berre dei fire store, vertslandet og dei ti landa som fekk flest poeng i 2006 var direktekvalifisert til finalen måtte kvart land kvalifisere seg i semifinalen. Noreg deltok i semifinalen 10. mai 2007, medan Spania som var ein del av dei fire store var direktekvalifisert til finalen 12. mai 2007.

«Ven a bailar conmigo» starta som nummer 19 i semifinalen, etter Makedonia med «Mojot svet» av Karolina og før Malta med «Vertigo» av Olivia Lewis. Noreg enda på 18. plass med 48 poeng; sju frå Island og Danmark, seks frå Sverige, fire frå Estland og Spania, tre frå Nederland, Andorra og Armenia, to frå Montenegro, Polen, Portugal og Malta og eitt frå Moldova, Ungarn og Finland. Bidraget gjekk ikkje vidare til finalen av di det ikkje var mellom dei ti beste.

«I Love You Mi Vida» starta som nummer to i finalen, etter Bosnia-Hercegovina med «Rijeka bez imena» av Maria og før Kviterussland med «Work Your Magic» av Dmitry Koldun. Spania enda på 20. plass med 43 poeng; tolv frå Albania, åtte frå Portugal, seks frå Frankrike, fem frå Sveits, fire frå Montenegro, tre frå Belgia, to frå Israel og Malta og eitt frå Hellas.

Piosenka dla Europy 2008 I Piosenka dla Europy 2008, den polske uttakinga til Eurovision Song Contest 2008 i Beograd i Serbia, deltok G:son, saman med Andreas Rickstrand, som låtskrivar med songen «Viva la musica». «Viva la musica» vart framført av Man Meadow. Bidraget enda på tredjeplass i finalen, og fekk ikkje representere Polen.

Piosenka dla Europy 2009 I Piosenka dla Europy 2009, den polske uttakinga til Eurovision Song Contest 2009 i Moskva i Russland, deltok G:son som låtskrivar med songen «Love Is Gonna Get You». Han skreiv songen saman med Andreas Rickstrand, og bidraget vart framført på engelsk av Man Meadow. I finalen enda bidraget på sjetteplass med ni poeng, og fekk ikkje representere Polen.

Dansk Melodi Grand Prix 2010 G:son skreiv songen «In a Moment Like This» saman med Henrik Sethsson og Erik Bernholm. Songen vart framført på engelsk av Chanée og N'evergreen. Bidraget gjekk fyrst vidare til superfinalen, der det tevla i ein semifinalen og gjekk vidare til finalen og vann. G:son fekk representere Danmark. I 2009 var songen send inn til båe den danske og den svenske uttakinga, men vart ikkje teken med. Songen var òg send inn til den svenske uttakinga i 2010, men vart vraka av ein jury som valde ut bidraga som fekk delta.

Eurovision Song Contest 2010 mini|Chanée og N'evergreen under prøvane til Eurovision Song Contest 2010. Danmark deltok i den andre semifinalen i Eurovision Song Contest 2010 i Bærum i Noreg og enda på femteplass med 202 poeng; tolv frå Sverige og Romania, ti frå Slovenia, åtte frå Noreg, sju frå Israel, seks frå Aserbajdsjan og Tyrkia, fem frå Litauen, Armenia, Sveits og Ukraina, fire frå Nederland, Irland og Kroatia, tre frå Kypros og Georgia og to frå Bulgaria. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda på fjerdeplass med 106 poeng og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på sjuandeplass med 83 poeng. Landet kvalifiserte seg til finalen der dei enda på fjerdeplass med 149 poeng; tolv frå Irland, Island, Romanoa, Polen og Slovenia, ti frå Latvia, åtte frå Noreg, Malta og Sverige, sju frå Slovakia, seks frå Storbritannia, fem frå Armenia og Estland, fire frå Aserbajdsjan, Spania, Portugal og Israel, tre frå Litauen, to frå Belgia, Albania, Finland, Makedonia og Nederland og eitt frå Russland. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda på tredjeplass med 174 poeng og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på sjuandeplass med 121 poeng.

Junior Eurovision Song Contest 2010 Sveriges Television valde ut Josefine Ridell og songen «Allt jag vill ha» til å representere Sverige i Junior Eurovision Song Contest 2010 i Minsk i Kviterussland. G:son skreiv songen saman med Arash, Robert Uhlmann og Johan Bejerholm. Bidraget enda på ellevteplass med 48 poeng; åtte frå Belgia, fire frå Nederland, Latvia og Kviterussland, tre frå Litauen, Ukraina og Makedonia, to frå Serbia, Russland og Armenia og eitt frå Malta. Alle landa fekk òg tolv poeng i starten for å unngå at nokon skulle få null poeng, og desse var gjeve ut av Svante Stockselius.

Dansk Melodi Grand Prix 2011 G:son hadde to bidrag med i Dansk Melodi Grand Prix 2011, den danske uttakinga til Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf i Tyskland. Dei to bidraga var «Let Your Heart Be Mine», skriven saman med Jeppe Federspiel og Lars Sjelle og framføry på engelsk av Jenny Berggren, og «25 Hours a Day», skriven saman med Erik Bernholm og Henrik Sethsson og framført på engelsk av Le Freak. «Let Your Heart Be Mine» gjekk ikkje vidare frå finalen til superfinalen, og kva for plass bidraget enda på er ikkje kjend. «25 Hours a Day» gjekk vidare til superfinalen, men enda på andreplass. Ingen av bidraga fekk representere Danmark.

Destino Eurovisión Saman med Antonio Sánchez-Ohlsson skreiv G:son songen «Abrázame» til Destino Eurovisión, den spanske uttakinga til Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf i Tyskland. Lucía Pérez, som gjekk vidare frå semifinalerundane der ein framførte tidlegare Eurovision-bidrag, framførte songen på spansk i finalen. I den fyrste delen av finalen enda bidraget på ein delt tolvteplass, men gjekk ikkje vidare. Ifylgje reglane fekk songen med flest poeng av juryen gå vidare i finalen. Både Pérez og ein del av publikum i studio ville ha «Abrázame» vidare, men etter ein diskusjon i juryen vart det stadfesta at dei ville fylgje reglane, og «Que me quiten lo bailao», som òg vart framført av Pérez, gjekk vidare i staden for, og bidraget fekk ikkje representere Spania.

Melodi Grand Prix 2012 Saman med Tommy Berre og Ovidou Jacobsen skreiv G:son songen «High On Love» til Melodi Grand Prix 2012, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2012. Songen vart framført på engelsk av Reidum Sæther. Bidraget enda på tredjeplass i den fyrste semifinalen og gjekk vidare til finalen. Plasseringa i finalen er ukjend, men bidraget fekk ikkje representere Noreg.

Eurovisión: Pastora Soler