Anders Fannemel () er ein norsk skihoppar frå Hornindal, som er medlem av Hornindal IL. Han har ein sølv- og ein bronsemedalje frå noregs meisterskap i skihopp.
Aktiv Fannemel debuterte i verdscupen med ein 10. plass på Lillehammer 5. desember 2009. Resten av sesongen og 2011-sesongen makta han ikkje å fylgje opp.
Fyrst i 2012-sesongen slo Fannemel seg inn på nasjonalt toppnivå. Under NM i hopp i Granåsen fekk han bronse, bak vinnaren Anders Bardal og Bjørn Einar Romøren. Fire veker seinare, under VM i skiflyging i Vikersundbakken den 25. februar 2012, hoppa han heile 244,5 m og var berre to meter bak verdsrekorden. Sidan han mislukkast med andrehoppet, kom han på 13. plass i tevlinga. I slutten av mars månad tok han NM-sølv i normalbakken på Voss, bak Anders Jacobsen. 15. februar 2015 sette Fannemel ny verdsrekord i skiflyging med eit hopp på 251,5 meter. Det var 1,5 meter lenger enn den gamle rekorden som Peter Prevc hadde sett dagen i førvegen i same bakke.NRK.no - «Fannemel tok rekorden tilbake til Norge», 15. februar 2015 Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 2010: Nr 10 på Lillehammer 2012: Nr 7 i verdscupen i Sapporo. Nr 13 i skiflygings-VM i Vikersund, og med på det norske laget som vart nr 4 i laghoppinga i same meisterskapen. Nr 2 i laghopping verdscup i skiflygning i Planica 2013: 2 tredjeplassar i verdscupen laghopping, i Planica og Klingenthal 2014: Tok sin fyrste verdscupsiger i Nizjnij Tagil i Russland. 2015: 2 andreplassar og verdsrekord i verdscupen i skiflygning i Vikersund. 2017: Verdenscupsiger for 4. gong i Engelberg laurdag den 16. desember
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap 2009: Nr 9 i normalbakken på Raufoss 2010: Nr 8 i storbakken i Trondheim 2012: Sølvmedalje i normalbakken på Voss, bronsemedalje i storbakken i Trondheim
Kjelder
Kategori:Norske skihopparar Kategori:Verdsmeistrar i skihopping Kategori:Noregsmeistrar i skihopping Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2014 Kategori:Folk frå Hornindal