Pauline Hall () var ein norsk komponist og musikar og ein markant person i norsk musikkliv først på 1900-talet. Mest kjend er ho for å ha vore med på stiftinga av foreininga Ny Musikk, der ho sat som leiar fram til 1961.
Hall var fødd på Hamar. Ho blei utdanna hjå Catharinus Elling i Oslo, i tillegg til i Paris og Dresden. Hall var musikkritikar i Dagbladet i periodane 1934–1942 og 1945–1963.
Ho var formann i Ny Musikk 1938–1961 og president i International Society for Contemporary Music 1952–1953.
I musikken sin var Hall påverka av impresjonismen og fransk nyklassisisme. Ho skreiv orkesterverka Verlaine-suite (1929), Cirkusbilder (1933), Suite fra Julius Cæsar (1950), Suite for 5 blåseinstrumenter (1945) og ulike klaverstykke, romansar og scenemusikk (Kongsemnerne, Hamlet, Troll kan temmes, Lysistrata).
Kjelder
Kategori:Norske musikarar Kategori:Norske kritikarar Kategori:Norske komponistar Kategori:Folk frå Hamar Kategori:Komponistar frå 1900-talet