Arne Nordheim (), var ein norsk komponist og musikkritikar.
Liv Arne Nordheim vart fødd den 20. juni 1931 i Larvik. 1948–51 studerte han ved Musikkonservatoriet i Oslo. I 1954 vart det første verket hans, Essay for strykekvartett, oppført ved Ung Nordisk Musikkfest i Stockholm. Han såg ikkje dette stykket som sitt opus 1 — strykekvartetten frå 1956 skal vera hans første riktige verk.
Nordheims viktigaste sjanger er orkesterverk. I dei tidlege verka som Aftonland, Canzona og Epitaffio prøver han å gje dei tradisjonelle instrumenta ein ny klang. Han byrja etter kvart å bruke elektronikk på magnetband og hadde i ei tid elektronikk som hovudtema. Frå denne tida stammar reint elektroniske verk som Solitaire, men òg verk der elektronikken vart blanda med tradisjonelle instrument som td. slagverk. Han har òg skrive mykje for radio og fjernsyn, teater og ballett der han eksperimenterte mykje og gav musikken nye grenser.
Utmerkingar
Lindemanprisen i 1981 Amandaprisen i 1986 for beste originalskrivne musikk i filmen Kong Lear. Norsk kulturråds ærespris i 1990. Anders Jahres kulturpris i 1997 Utnemnd til kommandør med stjerne av St. Olavs Orden i 2004. Edvard-prisen 2006 i klassen Samtidsmusikk.
Arne Nordheim budde i Grotten, Statens æresbustad for kunstnarar.
Kjelder «Arne Nordheim» på Wikipedia på bokmål
Kategori:Norske komponistar kategori:Folk frå Larvik kategori:Vinnarar av Amandaprisen Kategori:Vinnarar av Norsk kulturråds ærespris kategori:St. Olavs Orden Kategori:Norske elektronika-musikarar