mini|Overturen til Figaros bryllup i eit opptak av RIAS-Symphonie-Orchester frå 1961. mini|«Voi che sapete» frå akt 2. mini|«Amanti costanti, seguaci d'onor» frå akt 3.
Le nozze di Figaro, ossia la folle giornata (Figaros bryllaup eller galskapsdagen), K. 492, er ein opera buffa (komisk opera) i fire akter av Wolfgang Amadeus Mozart. Han vart komponert i 1786 med ein italiensk libretto av Lorenzo Da Ponte, basert på ein teaterkomedie av Pierre Beaumarchais frå 1784.
Sjølv om skodespelet til Beaumarchais først vart bannlyst i Wien sidan det var ein satire om aristokratiet og vart rekna som farleg i tiåret før den franske revolusjonen, vart operaen eit av dei mest suksessfulle verka til Mozart. Overturen er særleg kjend og vert ofte spelt som eit konsertstykke. Musikken i overturen vert ikkje nytta seinare i verket, bortsett frå korte frasar i greven sin del av terzettoen Cosa sento! i Akt 1.Andrew Steptoe: The Mozart–Da Ponte operas: the cultural and musical background to Le nozze di Figaro, Don Giovanni, and Così fan tutte, s. 170. Oxford University Press 1990. ISBN 9780198162216
Komposisjon Operaen var den første av tre samarbeid mellom Mozart og Da Ponte. Dei to andre operaene dei skreiv i lag var Don Giovanni og Così fan tutte. Det var Mozart som opphavleg valde skodespelet til Beaumarchais og tok det med til Da Ponte, som brukte seks veker på å skrive librettoen, og skreiv det om i poetisk italiensk og fjerna alle politiske referansar i originalen. Særleg erstatta Da Ponte Figaro sin klimatiske tale mot arveadelen med ein sint arie mot utrue koner. I motsetnad til kva populære myter seier, vart librettoen godkjend av keisar Josef II, før noko musikk vart skriven av Mozart.Nathan Broder. Essay on the Opera in the Schirmer edition
Det keisarlege italienske operaselskapet betalte Mozart 450 florinar for verket; som var tre gonger den (låge) løna hans for eit år, då han arbeidde som hoffmusikar i Salzburg . Da Ponte vart betalt 200 florinar.
Framføring Figaro hadde premiere i Burgtheater i Wien den 1. mai 1786. Mozart sjølv var dirigent på dei to første framsyningane, som han dirigerte frå klaverstolen, som var vanleg på den tida. Seinare framsyningar vart dirigert av Joseph Weigl. Deutsch says Mozart played a cembalo; for conflicting testimony, see below. Det vart gjort åtte framsyningar i 1786.Desse var 3., 8. og 24. mai; 4. juli, 28. august, 22. (kanskje 23.) september, 15. november og 18. desember.
Etter den første framsyninga førte applaus frå publikum til fem ekstranummer. Joseph Haydn likte operaen særs godt og skreiv til ein ven at han hadde høyrt operaen i draumane sine.
Operaen vart sett opp i Praha frå desember 1786 og vart ein enorm suksess. Avisa Prager Oberpostamtszeitung kalla verket «eit meisterverk», og skreiv at «ikkje noko stykke har nokon gong skapt slik ein sensasjon». Lokale musikkinteresserte betalte for at Mozart skulle kome til Praha og høyre produksjonen, noko han gjorde 17. januar 1787, og 22. januar dirigerte han framsyninga sjølv. Den store suksessen i Praha gjorde at den neste Mozart/Da Ponte-operaen, Don Giovanni, fekk premiere i Praha i 1787.
Verket vart igjen sett opp i Wien i 1789 og Mozart hadde då erstatta begge ariane til Susanna med nye komposisjonar, som betre høvde til stemma til Adriana Ferrarese del Bene som tok rolla.
Operaen i dag Figaros bryllup vert i dag rekna som ein av grunnsteinane i standardrepertoaret i operaen, og er lista som nummer fem på lista til Operabase over dei mest framførte operaene verda over.
Roller RolleStemmePremierebesetning, 1. mai 1786(Dirigent: W.A. Mozart)Grev AlmavivabassStefano MandiniGrevinne Rosina AlmavivasopranLuisa LaschiSusanna, hushjelpa til grevinnasopranAnn StoraceFigaro, personleg kammertenar til grevenbassFrancesco BenucciCherubino, tenaren til grevensopranDorotea BussaniMarcellinasopranMarie MandiniBartolo, doktoren frå Sevilla, som òg var advokatbassFrancesco BussaniBasilio, musikkmeistertenorMichael KellyDon Curzio, dommartenorMichael KellyBarbarina, dotter til AntoniosopranAnna GottliebAntonio, gartnaren til greven, onkelen til SusannabassFrancesco BussaniKor av bønder, landsbybuarar og tenarar
Instrumentering mini|Libretto 1786 Figaros bryllup er instrumentert for to fløyter, to oboar, to klarinettar, to fagottar, to valthorn, to trompetar, pauke og strykarar; Resitativa er med tangentinstrument, vanlegvis fortepiano eller cembalo, og ofte med ein cello.
Ei typisk framføring varer kring 3 timar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Marriage of Figaro» frå , den 1. mars 2012. oppgav desse kjeldene: Chanan, Michael (1999). From Handel to Hendrix: the låtskrivar in the public sphere. Verso. ISBN 1859847064
Gutman, Robert W. (2001). Mozart: A Cultural Biography. Houghton Mifflin Harcourt. ISBN 0156011719 Jackson, Roland John (2005). Performance practice: a dictionary-guide for musicians. Routledge. ISBN 0415941393 Jander, Owen; Steane, J.B.; Forbes, Elizabeth; Harris, Ellen T.; and Waldman, Gerald (2001). "Baritone" and "Mezzo-sopran [mezzo]", in Stanley Sadie and John Tyrrell (eds.), The New Grove Dictionary of Music and Musicians, 2nd edition. Macmillan. ISBN 0333608003.
Melitz, Leo (1921). The Opera Goer's Complete Guide (oms. av Richard Sanger. Dodd, Mead and Co. Robinson, Paul A. (1986). Opera & ideas: from Mozart to Strauss. Cornell University Press. ISBN 0801494281
Singher, Martial and Singher, Eta (2003). An Interpretive Guide to Operatic Aries: A Handbook for Songars, Coaches, Teachers, and Students. Penn State Press. ISBN 0271023546
Bakgrunnsstoff
Komplett libretto Fullt orkesterpartitur (tysk/italiensk) engelsk omsetjing Italiensk/engelsk side om side
Komplette innspelingar på Mozart Archiv Læremateriale og analyse frå Metropolitan Opera Huset til Mozart i Wien der han komponerte The Marriage of Figaro (+ video) Samandrag av The Marriage of Figaro frå English Touring Opera Bilete frå produksjonar på 2000-talet av The Marriage of Figaro i Tyskland og Sveits
Kategori:Operaer av Wolfgang Amadeus Mozart Kategori:Italienskspråklege operaer Kategori:Opera buffa Kategori:Musikk i 1786 Kategori:Operaer frå 1700-talet