George E. Smith () er ein amerikansk fysikar og Nobelprisvinnar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 2009 saman med Willard Boyle «for oppfinninga av ein halvleiarkrins – CCD-sensor». Smith og Boyle delte den eine halvparten av prispengane, medan Charles K. Kao vart tildelt den andre halvparten «for banebrytande arbeid innan overføring av lys i fiber for optisk kommunikasjon».

Smith fekk ein bachelor of science ved University of Pennsylvania i 1955 og ein filosofisk doktorgrad ved University of Chicago i 1959 med ei avhandling på berre tre sider. Han jobba ved Bell Labs i Murray Hill i New Jersey, frå 1959 og fram til han gjekk av i 1986. Her ledet han forskinga på nye laser- og halvleiarkomponenter.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «George E. Smith» frå , den 22. februar 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Biografi om George E. Smith

Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:Nobelprisvinnarar frå USA Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Folk frå New York