Konstantin «Kostja» Novoselov (russisk: Константи́н Серге́евич Новосёлов) () er ein russisk–britisk fysikar ved University of Manchester. Novoselov har både russisk og britisk statsborgarskap og forskar på mesoskopiske system og nanostrukturar.

Novoselov har publisert over 60 vitskaplege artiklar i dominerande vitskaplege tidsskrifter, som mellom anna Nature, Science, Nature Materials, Nature Physics, Nature Nanotechnology, Reviews of Modern Physics og Physical Review Letters.

I 2008 mottok han Europhysics Prize «for å ha oppdaga og isolert eitt enkelt frittståande lag av karbon (grafén) og belyst dei enestående elektroniske eigenskapane til materialet».

Mykje av arbeidet hans har blitt gjort saman med kollegaen Andre Geim. Dei to mottok Nobelprisen i fysikk 2010 for arbeidet sitt med grafén.

Novoselov vart i 2012 utnemnd til Knight Bachelor.New Year Honours List 2012 , Directgov. Han vart dermed adla og fekk rett til å føre tiltaleformen sir føre namnet sitt.

Prisar og utmerkingar 2010 Nobelprisen i fysikk 2008 Europhysics Prize 2008 International Union of Pure and Applied Science, Young Scientist Prize 2008 University of Manchester Researcher of the Year 2007 Nicholas Kurti European Prize 2006 Royal Society Research Fellowship

Viktige publikasjonar A.K. Geim, S.V. Dubonos, I.V. Grigorieva, K.S. Novoselov, F.M. Peeters & V.A. Schweigert. Non-Quantized Penetration of Magnetic Field in the Vortex State of Superconductors, Nature 406 (2000). K.S. Novoselov, A.K. Geim, S.V. Dubonos, E.W. Hill, I.V. Grigorieva. Subatomic Movements of a Domain Wall in the Peierls Potential, Nature 426, 812-816 (2003). A.K. Geim, S.V. Dubonos, I.V. Grigorieva, K.S. Novoselov, A.A. Zhukov, S.Y. Shapoval. Microfabricated Adhesive Mimicking Gecko Foot-Hair, Nature Materials 2, 461-463 (2003). A.K. Geim, K.S. Novoselov. The rise of graphene. Nature Materials 6, 183-191 (2007).

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Konstantin Novoselov» frå , den 22. februar 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Kostya Novoselov's webbplats vid University of Manchester - Condensed Matter Physics Group

Kategori:Russiske fysikarar Kategori:Britiske fysikarar Kategori:Russiske nobelprisvinnarar Kategori:Britiske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Knights Bachelor Kategori:Fysikarar på 2000-talet Kategori:Medlemmar av Royal Society