Daniel C. Tsui () er ein kinesisk-amerikansk fysikar.

Tsui mottok Nobelprisen i fysikk i 1998, saman med Horst Ludwig Störmer og Robert B. Laughlin, for oppdaginga deira av ei ny form for kvantevæske med fraksjonelt ladde eksitasjonar..

Han vart løna med Nobelprisen for å ha oppdaga at elektron opptrer saman i sterke magnetiske felt, og kan danne nye typar «partiklar» med ladningar som er ein brøkdel av ladningen i elektronet. Störmer og Tsui gjorde oppdaginga i 1982 under eit eksperiment der de utnytta ekstremt sterke magnetfelt og låge temperaturer. Innan eitt år etter oppdaginga lukkast det Laughlin å forklare resultatet dei fekk. Gjennom teoretisk analyse viste han at elektrona i eit sterkt magnetfelt kan kondensere og danne ein slags kvantevæske, nærskyld dei kvantevæsker som oppstår ved superleding og i flytande helium.

Tsui tok doktorgrad i fysikk ved University of Chicago i 1967, og har vore professor ved Princeton University sidan 1982.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Daniel C. Tsui» frå , den 22. februar 2012.

Kategori:Kinesisk-amerikanarar Kategori:Kinesiske fysikarar Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:Nobelprisvinnarar frå USA Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Professorar ved Princeton Kategori:Kinesiske nobelprisvinnarar Kategori:Medlemmar av United States National Academy of Sciences Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Fysikarar på 2000-talet