Carl Edwin Wieman () er ein amerikansk fysikar.

Wieman vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 2001, saman med tyskaren Wolfgang Ketterle og landsmannen Eric Allin Cornell, for oppnåinga av Bose-Einstein-kondensasjon i fortynna gassar av alkaliatom og for tidlege fundamentale studiar av eigenskapane til kondensat.

I 1924 gjorde den indiske fysikaren Bose viktige teoretiske berekningar på lyspartiklar. Han sendte resultata til Einstein, som utvida teorien til ein viss type atom. Einstein føresåg at dersom ein kjøler ned ein gass av slike atom ved særs låge temperaturar, ville alle atoma brått samlast i lågast mogeleg energitilstand. Prosessen liknar den når væskedråpar dannast frå ein gass, og kallast derfor kondensasjon (Bose-Einstein-kondensasjon).

Først i 1995 lukkast Cornell og hans medarbeide å oppnå denne ekstreme materietilstanden. Cornell og Wiemann fekk deretter fram eit rent kondensat på rundt rubidiumatom ved 20–nK (nanokelvin), dvs. 0,000 000 02 grader over det absolutte nullpunktet.

Uavhengig av arbeidet til Cornell og Wiemans, gjorde Ketterle tilsvarende eksperiment på natriumatom. Kondensatet som han lukkast i å framstille inneheldt meir atom og kunne derfor brukast til å undersøke fenomenet nærmare. Ved hjelp av to separate kondensatorar, som fekk ekspandere inn i kvarandre, kunne ein få fram særs tydelege interferensmønster. Dette eksperimentet viste altså at kondensaten inneheldthelt koordinerte atom.

Wieman tok doktorgrad i fysikk ved Stanford University i 1997, og er professor i fysikk ved University of Colorado.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Carl Wieman» frå , den 22. februar 2012.

Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:Fysikkprofessorar Kategori:Nobelprisvinnarar frå USA Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Folk frå Benton County i Oregon Kategori:Optiske fysikarar Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Fysikarar på 2000-talet Kategori:Medlemmar av Optical Society Kategori:Medlemmar av United States National Academy of Sciences