Johannes Georg Bednorz () er ein tysk fysikar og nobelprisvinnar. Bednorz mottok Nobelprisen i fysikk i 1987, saman med Karl Alexander Müller, «for det viktige gjennombrotet deira i oppdaginga av superleiing i keramiske materiale».

I 1968 starta Bednorz studiane sine i mineralogi ved Universitetet i Münster. Etter å ha jobba ein stund ved IBMs lab i Zürich starta han på sin filosofiske doktorgrad ved EHT Zürich, rettleia av professor Heini Gränicher og Karl Alexander Müller (som var professor ved ETH Zürich i tillegg til å jobbe for IBM).

I 1982 flytta han tilbake til IBMs lab i Zürich. Der deltok han i Müllers pågåande forsking på superleiing.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Johannes Georg Bednorz» frå , den 22. februar 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tyske fysikarar Kategori:Tyske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i fysikk