Morten Per Olsen () er ein dansk fotballtrenar og tidlegare fotballspelar frå Vordingborg. Han har vore trenar for det danske landslaget sidan 2000. Mellom 1970 og 1989 spelte Olsen 102 landskampar for Danmark.

Klubbspel Olsen spelte på Københavns Boldklub 1970-72. Dei neste fjorten åra heldt han til i Belgia. Han spelte på klubbane Cercle Brugge (1972-76), RWD Molenbeek (1976-80) og Anderlecht frå1980 til 1986. Tre av dei seks sesongane i Anderlecht vart han belgisk seriemeister; 1981, 1985 og 1986. Frå 1986 til 1989 spelte han for FC Köln i Tyskland.

Landslagsspel Olsen var den sentrale forsvarsspelaren då Danmark kvalifiserte seg til EM i 1984 og VM i 1986. Også i 1988 var han med i fotball-EM for Danmark.

Trenar Etter at han la opp som spelar i 1989 har Olsen vore trenar for Brøndby IF, FC Köln og Ajax Amsterdam. I hans tid som landslagstrenar har Danmark kvalifisert seg til VM i 2002, EM i 2004, VM i 2010 og EM i 2012.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Morten Olsen» frå , den 22. februar 2012.

Kategori:Danske fotballspelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1984 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1986 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1988 Kategori:Anderlecht-spelarar Kategori:Köln-spelarar Kategori:Danske fotballtrenarar Kategori:Folk frå Vordingborg