Karl Manne Georg Siegbahn () var ein svensk fysikar. I 1924 vart han tildelt Nobelprisen i fysikk «for sine funn og forsking innan røntgenspektroskopi».Nobelprisen i fysikk 1924

Siegbahn tok ein filosofisk doktorgrad ved Universitetet i Lund i 1911, avhandlinga fekk tittelen Magnetische Feldmessungen. Han var konstituert professor for Johannes Rydberg då helsa hans svikta, og han etterfølgde han som professor i 1920.

Etter doktorgraden, fortsette Siegbahn forskinga på røntgenspektroskopi. Han fortsette arbeidet òg etter at han flytta til Universitetet i Uppsala i 1923. Her utvikla og forbetra han eksperimentelle apparat som tillet han å utføre særs presise målingar av røntgenstrålinga bølgjelengder, skapt av atom frå ulike stoff. Han utvikla ein konvensjon for å namngje dei ulike spektrallinjene som er karakteristiske for stoffa i røntgenspektroskopi. Dei presise målingane til Siegbahn medverka mykje til utviklinga innan kvanteteori og atomfysikk.Pressemelding i samband med tildelinga av Nobelprisen i fysikk 1924

Han var far til Kai Siegbahn som sjølv fekk Nobelprisen i fysikk i 1981.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Manne Siegbahn» frå , den 21. februar 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Svenske fysikarar Kategori:Svenske professorar Kategori:Svenske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Folk frå Örebro Kategori:Medlemmar av Det kongelege svenske ingeniørvitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det kongelege danske vitskapsakademiet Kategori:Eksperimentelle fysikarar Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Professorar ved Lunds universitet Kategori:Professorar ved Uppsala universitet