Halle (fransk Hal) er ein by og kommune i Belgia i distriktet (arrondissement) Halle-Vilvoorde i provinsen Flamsk Brabant. Byen ligg ved Brussel-Charleroi-kanalen på den flamske sida av språkgrensa som skil Flandern og Vallonia. Geografisk ligg Halle på grensa mellom den flamske sletta i nord og det åslendte landskapet i Brabant i sør. Det offisielle språket i Halle er nederlandsk.

Kommunen Halle består av sjølve byen Halle og dei mindre byane Buizingen og Lembeek. Kommunen har kring 40 000 innbyggjarar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Halle, Belgium» frå , den 26. januar 2012.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Belgia