Francisco Antonio de Agurto y Salcedo, første marki av Gastañaga () var ein spansk adelsmann, statthaldar og guvernør av baskisk opphav. Han vart den første Marquis de Gastañaga i 1676 og var guvernør i Dei habsburgske Nederlanda mellom 1685 og 1692. Han leia dei spanske soldatane i slaget ved Fleurus i 1690 og klarte ikkje å forsvare Mons mot franskmennene. Han bygde eit nytt kongekapell, St. Josef, i Waterloo i 1687 i eit forsøk på å blidgjere hoffet, men vart kalla attende til Madrid då han mislukkast å forsvare Mons. Etter dette vart han statthaldar i Catalonia mellom 1694 og 1696, der han møtte den franske invasjonen under niårskrigen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Francisco Antonio de Agurto, Marquis of Gastañaga» frå , den 26. januar 2012.
Kategori:Spansk adel Kategori:Markgrevar av Gastañaga Kategori:Guvernørar i Dei habsburgske Nederlanda Kategori:Statthaldarar i Catalonia Kategori:Spanske generalar Kategori:Spanjolar i niårskrigen