Mente er eit tal som ein under addisjon eller multiplikasjon av fleirsifra tal må ha med i minnet, og eventuelt skriva ned, når summen av ein sifferkolonne er lik eller større enn ti. Ein fører nemleg berre einarane i denne summen i sluttsvaret, og har tiarane «i minne» til neste sifferkolonne.

Døme:

     2 2 1     4893 +  6786 +  3998 = 15667

Mentane er skrivne med lita skrift øvst.

Ordet er avleidd frå in mente, ‘i minnet’ eller ‘i sjela’. I daglegtale kan ein nytta uttrykket «å ha noko i(n) mente» om å hugsa noko eller ha det «i bakhovudet». Ein kan også nytta «opp og i mente» om noko ein meiner det stadig vekk er for mykje av.

Kjelder

Kategori:Grunnleggande aritmetikk Kategori:Latinske ord og uttrykk