Maurice Auslander () var ein amerikansk matematikar og ein av dei viktigaste algebraikarane i vår tid.
Frå 1957 arbeidde han som professor ved Brandeis University i USA, men var òg knytt til Universitetet i Trondheim som professor II. Han var mykje i Noreg og gjennom eit aktivt samarbeid med miljøet her i landet kom han til å påverke ein heil generasjon norske algebraikarar. Auslander gav banebrytande bidrag til fleire sentrale felt innanfor algebra, særskild representasjonsteori for artinske algebraer og kommutativ ringteori. Fleire omgrep og resultat er kalla opp etter han.
Kjelder Maurice Auslander. (2012-01-14) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Maurice_Auslander
Kategori:USA-amerikanske matematikarar Kategori:Medlemmar av American Academy of Arts and Sciences Kategori:Folk frå Brooklyn Kategori:Professorar ved NTNU Kategori:Matematikarar på 1900-talet