Steven John Kilbey () er ein songar, låtskrivar og bassgitarist for The Church, eit australsk rockeband. Han er òg musikkprodusent, diktar og målar.
Kilbey starta å spele i band 17 år gammal, då han vart med i eit «kabaretband». Han vart så med i Precious Little, i lag med framtidig Church-medlem Peter Koppes på trommer. Kilbey spelte så i Baby Grande, kring 1978 då han budde i Canberra. Kort tid etter skipa han The Church i lag med Koppes, Nick Ward, og Marty Willson-Piper. Etter noko suksess i Australia tidleg i 1980-åra, vart Kilbey og The Church internasjonalt kjende med «Under the Milky Way» frå 1988.
Kilbey har gjeve ut seks soloalbum og samarbeidd som låtskrivar og/eller produsent for Grant McLennan (frå The Go-Betweens), Stephen Cummings og Kev Carmody. Han gav ut boka Earthed i 1986, som kom i lag med eit album med same namn med instrumental elektronisk musikk. Diktsamlinga hans Nineveh/The Ephemeron, kom i 1998.
Diskografi Album Unearthed (1986) Earthed (1987) The Slow Crack (1989) Remindlessness (1990) Narcosis EP (1991) Narcosis + (1997) Dabble (2001) Painkiller (2008)
Samlingar Acoustic & Intimate (2000) Freaky Conclusions (2003) Artifacts (2006) The Bedroom Demos (2010) - mp3-samling gjeven bort i lag med samleboksen «Monsters n Mirages».
Samarbeid Hex (med Donnette Thayer frå Game Theory)
Hex (1989) Vast Halos (1990)
Curious (Yellow) (med Karin Jansson)
Taken By Surprise (1990) Charms and Blues (1990) Love Itself (1991) - Single.
Jack Frost (med Grant McLennan frå The Go-Betweens):
Jack Frost (1991) Snow Job (1996)
Fake (med Sandy Chick):
Fake (1994)
Into The Sun (med Penny Flanagan)
Light Sleeper (1998)
Isidore (med Jeffrey Cain frå Remy Zero)
Isidore (2004)
Gilt Trip (med broren Russell Kilbey)
Gilt Trip (1997) Egyptian Register (2005)
Mimesis (med Simon Polinski)
Art Imitating Life (2007)
Steve Kilbey & Martin Kennedy
Unseen Music, Unheard Words (2009) Instrumental & Ambient Mixes (2009) Live at the Toff in Town (2010) - berre mp3 White Magic (2011)
David Neil (Steve Kilbey og Ricky Maymi)
The Wilderness Years (2011)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Steve Kilbey» frå , den 13. desember 2011. oppgav desse kjeldene: Earthed, Nineveh, and The Ephemeron, 2004, Impressed Publishing, ISBN 978-0975161890
Bakgrunnsstoff
Offisiell nettstad IMDB Kunstgalleri
Kategori:Australske bassistar Kategori:Australske songarar Kategori:Australske plateprodusentar Kategori:Australske låtskrivarar Kategori:Australske diktarar Kategori:Australske målarar