Adam Ant () er ein engelsk musikar som vart kjend som songar og frontmann i New Wave/post-punk-gruppa Adam and the Ants og seinare som soloartist. Dei hadde fleire hittar i heimlandet mellom 1980 og 1983, inkludert tre førsteplassar. Ant var òg ei stjerne i Amerika der han ikkje berre fekk fleire hitsinglar og album, men ein gong vart kåra til den mest sexy mannen i Amerika av sjåarane på MTV. Han var òg skodespelar og har spelt i fleire filmar og fjernsynsepisodar mellom 1985 og 2003.

Sidan 2010 har Ant halde fram musikkarrieren sin og spelt fleire konsertar, spelt inn eit nytt album og turnert i Storbritannia.

Historie Det første bandet til Goddard var Bazooka Joe, der han spelte bassgitar. Som oppvarmingsband for Sex Pistols fekk han inspirasjon, og avgjorde seg for å forlate bandet og starte banda B-Sides. Etter eit nervøst samanbrot og sjølvmordforsøk, og etter at han kom ut frå sjukehuset, tok han namnet Adam Ant. B-Sides heldt aldri konsertar, og bandet vart snart oppløyst.

Han starta bandet Adam and the Ants i 1977, og gav ut tre album. To av albuma selde til platinaplate. Bandet vart kreditert for å ha vore med å skape overgangen mellom punk og new wave, og var ein del av New Romantic-sjangeren. Adam oppløyste bandet i mars 1982.

Han gjekk solo etter at The Ants var oppløyst, og gav ut albumet Friend or Foe same år. Frå albumet kom singelen «Goody Two Shoes» som vart ein hit med førsteplass på hitlistene i Storbritannia og Australia, og ein 12. plass i USA.

Anna Goddard lid av bipolar liding, noko som har gjort at han fleire gonger har vorte straffa for hærverk og truslar, og dessutan tvangsinnlagt på psykiatrisk sjukehus. Han har vore gift to gonger, og har ei dotter frå det siste ekteskapet.

Diskografi Adam and the Ants Dirk Wears White Sox Kings of the Wild Frontier Prince Charming

Adam Ant Friend or Foe Strip Vive Le Rock Manners and Physique Wonderful Adam Ant Is The Blueblack Hussar in Marrying The Gunner's Daughter

TV & Film

Sweetwater (1999) Fjernsynsfilm basert på eit 60-talsband La Femme Nikita (1999) TV Episode Junk (1997) (britisk kortfilm) Face Down (1996) Lover's Knot (1996) Batman: The Animated Series (1995) fjernsynsepisode Cyber Bandits (1995) Desert Winds (1995) Drop Dead Rock (1995) Acting on Impulse (1993) Love Bites (1993) Northern Exposure (1992) fjernsynsepisode som «Brad Bonner» Spellcaster (1992) Tales from the Crypt (1992) fjernsynsepisode Midnight Heat (1991) Trust Me (1989) Out of Time (1988) World Gone Wild (1988) Cold Steel (1987) Sledge Hammer! (1987) fjernsynsepisode Slam Dance (1987) Amazing Stories (1987) fjernsynsepisode Nomads (1986) Amazing Stories Season 2 (1986) Hondareklame med Grace Jones (1986) The Equalizer (1985) fjernsynsepisode Motown 25: Yesterday, Today, Forever (1983) Cannon and Ball Show (1982) fjernsynsepisode Jubilee (1977)

Teater Funeral Games (1996) Be Bop A Lula (1993) West (1993) Entertaining Mr. Sloane (1985)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Adam Ant» frå , og «Adam Ant» frå den 14. desember 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff adam-ant.net - Offisiell side

Utdrag frå Stand and Deliver

Kategori:Musikarar frå London Kategori:Engelske rockesongarar Kategori:Engelske new wave-musikarar Kategori:Ivor Novello-prisvinnarar