Victim of Love er det trettande studioalbumet til den britiske songaren Elton John. Det vart utgjeve i 1979 og innspelt i München og Hollywood. Det vart ikkje spesielt godt motteke verken av kritikarar eller publikum, og er det dårlegast selde albumet til Elton John til dags dato.
Det er eit discoalbum gjeven ut kort tid etter discopopulariteten hadde sitt høgdepunkt. John verken spelar på albumet eller skreiv nokre av songane, han berre syng. I tillegg er ikkje det faste bandet hans med på albumet. I tillegg er det eit av berre to studioalbum av John (så langt i 2011) utan innverknad frå Bernie Taupin.
Innhald
Medverkande Elton John - vokal Michael McDonald - vokal Keith Forsey - trommer Todd Canedy - trommer Patrick Simmons - vokal Thor Baldursson - tangentinstrument, arrangør Tim Cansfield - gitar Paulinho Da Costa - perkusjon Roy Davies - tangentinstrument Steve Lukather - gitar Marcus Miller - bass Lenny Pickett - saksofon Julia Tillman Waters - korvokal Craig Snyder - gitar Stephanie Spruill - korvokal Maxine Willard Waters - korvokal
Produksjon Produser av Pete Bellotte Lydteknikar og miks – Peter Luedmann Assisterande lydteknikar – Hans Menzel and Carolyn Tapp Teknikar – Roman Olearczuk Innspelt i Musicland i München og Rusk Sound Studios i Hollywood. Mastera av Brian Gardner hos Allen Zentz Mastering (Hollywood). Leverandør – Trevor Veitch Produksjonskoordinator – Jerry Simpson Prosjektkoordinator – Joe Black Fotografi – David P. Bailey Design – Jubilee Graphics
Salslister Liste (1979)PlasseringAustralian Albums (Kent Music Report)20Canadian Albums (RPM100 Albums)28US Billboard 20035
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Victim of Love (album)» frå , den 23. november 2011.
Bakgrunnsstoff Victim of Love på Allmusic
Kategori:Elton John-album Kategori:Musikkalbum frå 1979 Kategori:The Rocket Record Company-album Kategori:Album produserte av Pete Bellotte